Kenya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
Republic of Kenya

(norsk: Kenya, kenyansk)

Det kenyanske flagget Det kenyanske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Ee Mungu Nguvu Yetu»
Motto Harambee (swahili, Lat oss arbeide saman
Geografisk plassering av Kenya
Offisielle språk Engelsk og swahili
Hovudstad Nairobi
Styresett
Republikk
Uhuru Kenyatta
Raila Odinga
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
580 367 km² (48.)
2,3 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
43 013 341 (31.)
74,1 /km² (142.)
Sjølvstende
frå Storbritannia
12. desember 1963
Nasjonaldag 12. desember
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
65 950 mill. USD (81.)
1 600 USD (169.)
Valuta kenyansk shilling (KES)
Tidssone UTC +3
Telefonkode +254
Toppnivådomene .ke


Kenya er eit land på austkysten av Afrika. Kenya grensar mot Tanzania, Uganda, Sør-Sudan, Etiopia og Somalia.

Innbyggjarar [endre]

Etniske konfliktar står for mange av Kenya sine problem. Tidleg på 1990-talet blei tusenvis drepne og fleire gjort heimlause av dette.

Dei største etniske gruppene i Kenya er kikuyu (22 %), luhya (14 %), luo (13 %), kalenjin (12 %), kamba (11 %), kisii (6 %) og meru (6 %). Innbyggjarane høyrer til desse religiøse retningane: Ulike protestantiske 38 %, romansk katolske 28 %, islam 6 %, tradisjonelle religionar 22 %.

Kart over Kenya

Klima [endre]

Det er vanskeleg å generalisere vêret i Kenya som har høgareliggande område i vest, steppelandskap i låglandet, fuktig kystområde, i tillegg til at dei vulkanske fjelltoppane Kirinyaga og Kilimanjaro dannar eigne klimasoner rundt seg. Å skildre Kenya klimatologisk kan òg vere vanskeleg fordi nedbørsmengdene varierer mykje frå år til år. Store delar av landet har to regntider som oppstår når den intertropiske konvergenssona går sørover (mars-mai) og nordover igjen (oktober-desember). Under ei El Niño-hending, kan den første regntida gje mykje mindre nedbør enn vanleg, medan den andre kan bli forsterka. Det motsette skjer ofte under ein La Niña.

Skråninga frå Victoriasjøen til Riftdalen har ofte svært mykje torevêr om ettermiddagen frå juni og ut august, og området rundt Kericho er eit av områda i verda som er mest utsett for hagl. Her kan det hagle så mykje som 100 dagar i året. Vanlegvis er derimot torebyene spreidd, og hagla ganske små.

Juli og august er som regel ein tørr periode i dei høgareliggande områda, inkludert Nairobi, og er typisk dekka av eit lågt skydekke, som sola av og til kan kikke gjennom. Kvar tredje eller fjerde dag kan det kome litt yr eller lett regn. Dette er òg den kjøligaste tida på året, med maksimumstemperaturar mellom 21 og 26 °C, og over 1800 m går temperaturen lett under 10 °C. Det er enno kaldare mot toppen av vulkanen Mount Kenya. Dei høgareliggande områda er litt varmare under regntida, og enno varmare i tørketida frå desember til mars. Heilt tørt treng det derimot ikkje å bli, og ei og anna regnbye kan oppstå òg i denne perioden. Nairobi har ein normal årsnedbør på 959 mm.

I dei nordlege områda av Kenya, inkludert Turkanasjøen, er det mykje tørrare og varmare, og temperaturen held seg rundt 30-35 °C året rundt. I april og mai kan ein derimot få kraftig regn som omgjer støvvegane til gjørme.

Kysten av Kenya er våtare enn dei høgareliggande områda innanfor, men har òg meir sol. Mest regn kjem det i perioden april til tidleg i juli. Mombasa, som ligg her, har ein årleg nedbørsnormal på 1206 mm.

Bakgrunnsstoff [endre]