Keokradong

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Keokradong
fjell
Land  Bangladesh
Topp Ruma, Bandarban
 - høgd 986 moh.
Kart
Keokradong
21°57′00″N 92°30′52″E / 21.94993°N 92.51441°E / 21.94993; 92.51441
Wikimedia Commons: Keokradong

Keokradong er eit fjell i Bangladesh med ei høgd på 986 meter over havet.[1] Somme kjelder hevdar fjellet er det høgaste punktet i Bangladesh.

På toppen av Keokradong står ei lita hytte og eit skilt sett opp av det bangladeshiske forsvaret, som hevdar fjellet er 3 172 fot høgt, noko lågare enn fjellet er blitt målt til med GPS.[2]

Kva som er det høgaste punktet i Bangladesh er omstridd, og somme kjelder hevdar Mowdok Mual er det høgaste fjellet i landet.[3]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hight extremes Arkivert 2018-11-23 ved Wayback Machine., CIA: the World Factbook.
  2. Keokradong, Banglatrek, Banglatrek.org.
  3. «Mowdok Mual, Bangladesh». Peakbagger.com.