Keratin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mikroskopbilete av keratintrådar inne i celler

Keratin er ei gruppe fiberdannande protein. Dei er sterke og uoppløyselege, og dannar harde, ikkje-mineraliserte strukturar som ein finn hos krypdyr, fuglar, amfibiar og pattedyr. Ordet «keratin» kjem frå gresk keratos (κέρατος), genitivsforma av keras (κέρας) som tuder 'horn'

Det kan eksistere ulike typar keratin i eit enkelt dyr. Av anna biologisk materiale er det berre kitin som har samsvarande eigenskapar i seigleik.

Variantar av keratin[endre | endre wikiteksten]

Keratin er den vektigaste strukturkomponenten som veks frå huda:

Leddyr som krepsdyr har ofte delar av rustningane sine eller eksoskjeletta laga av keratin, nokre gonger i kombinasjon med kitin.

Kvalbardeplater hos kvalar som filtrerer føda er av keratin.

Keratin kan vere integrert i kitinfosfatisk materiale som gjer ut for skalet og seta hos mange armføtingar.

Keratin finst òg i fordøyingssystemet hos mange dyr, til dømes rundormar som òg har eit ytre lag av keratin.

Sjølv om det ikkje finst prov, trur ein at skjel, klør, nokre av armeringar og nebba hos dinosaurar bestod av keratin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]