Kermadec Islands

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Raoul Island frå rommet.

Kermadec Islands (Kermadecøyene) er ei øyrekkje i det sørlege Stillehavet. Øyene har høyrt til New Zealand sidan 1887.

Øyrekkja ligg mellom 29° og 31.5° sørleg breidde og 178° til 179° vestleg lengde, 800 – 1000 km nordaust for Nordøya på New Zealand, og ein liknande fråstand sørvest for Tonga. Sentrum av Kermadecgruppa ligg om lag ved: 29°16′37″S 177°55′24″W.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Øygruppa omfattar fire hovudøyer (tre av dei kan reknast som øygrupper, fordi hovudøyene har mindre øyer og holmar nær inntil seg) og somme isolerte klipper, og desse er frå nord til sør:

Undervassfjell nord og sør for Kermadec Islands er ei forlenging av ryggen mellom Tonga og New Zealand.

  • Star of Bengal Bank, 103 km sør-sørvest for L'Esperance Rock, med ei djupn på minst 48 meter.

Til saman har øyene ei flatevidde på 33,08 km². Øyene er ubygde med unntak av den permanent bemanna Raoul Island Station, ein statleg meteorologi- og radiostasjon og losji for tilsette i Miljødepartementet (Department of Conservation, DOC) og frivillige, og som har vore i drift sidan 1937 på dei nordlege skråningane til Raoul Island, om lag 50 høgdemeter over klippene ved Fleetwood Bluff. Raoul Island Station er den nordlegaste utposten på New Zealand.

Vêrlag[endre | endre wikiteksten]

Øyene har eit subtropisk klima med ein gjennomsnittleg månadstemperatur på 22,4 °C i februar og 16,0 °C i august. Nedbørsmengda er om lag 1 500 mm i året, med minst regn frå oktober og ut januar.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Kermadec Arc.jpg

Øyene er ein vulkanboge, danna ved den konvergente grensa der Stillehavsplata glir under Den Indo-Australske plata. Den underliggjande Stillehavsplata forma Kermadecgropa, ei åtte km djup havrenne aust for øyene. Øyrekkja ligg langs den undersjøiske Kermadecryggen, som går sørvest frå øyene mot NordøyaNew Zealand og nordaust mot Tonga (Kermadec-Tongabogen). Dei fire hovudøyene er toppane til vulkanar som hevar seg høgt nok frå havbotnen til å nå over havoverflata. Der er fleire andre vulkanar i kjeda som ikkje når havflata, men som dannar undervassfjell med mellom 65 og 1500 meter vatn over toppane. Undervassfjellet Monowai Seamount, der toppen ligg 120 m under havflata, ligg midtvegs mellom Raoul Island og Tonga. 100 km sør for L'Esperance Rock ligg den lite undersøkte ryggen Star of Bengal Bank, som truleg har undervassvulkanar. Lenger mot sør ligg undervassfjella South Kermadec Ridge Seamounts, det sørlegaste av desse , Rumble IV Seamount, ligg berre 150 km nord for Nordøya på New Zealand. Fjellryggen når til sist fram til øya White Island i Bay of Plenty, i den nordlege enden til det vulkanske området Taupo Volcanic Zone. Øyene er utsette for mange jordskjelv på grunn av platerørsler og vulkansk aktivitet.

Raoul og Curtis er båe aktive vulkanar. Vulkanane på dei andre øyene er ikkje aktive, og dei minste øyene er eroderte restar av utsløkte vulkanar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Polynesarar slo seg ned på Kermadecøyene omkring 1300-talet (eller kanskje tidlegare, alt i på 900-talet), men då dei første europearane kom til området i 1788 møtte dei ingen innbyggjarar. Øyene fekk namn etter den franskmannen Jean-Michel Huon de Kermadec, som kom til øyene i 1793 som kaptein på eit av skipa i ekspedisjonen til Bruni d'Entrecasteaux. Europeiske nybyggjarar og kvalfangarar budde på øyene frå tidleg på 1800-talet til 1937.

Miljøarbeid[endre | endre wikiteksten]

Innførte kattar, rotter og geiter øydela skogane og reduserte talet på sjøfuglar. Overbeiting av geitene fordreiv skogane på Macauley Island, etterlet opne grassletter og forandra undervegetasjonen på Raoul Island. Kattar og rotter reduserte talet på sjøfuglar på hovudøyene frå millionar til nokre titusen. Styresmaktene på New Zealand har arbeida i fleire tiår for å berga øyene. I 1937 vart dei gjort til naturreservat, og havområdet omkring vart gjort til eit marint reservat i 1990. Geitene vart fjerna frå Macauley i 1970 og frå Raoul i 1984, og skogane har byrja å koma seg. Fuglelivet er enno eit kjenneteikn for desse øyene, og koloniar med sjøfuglar held til på småøyer og holmar utanfor hovudøyene, der dei er trygge for rotter og kattar. Ein freistar no å fjerna rotter og kattar frå øyene, likeeins somme innførte skadelege plantar.

Miljødepartementet har sett restriksjonar på tilgang til øyene. På Raoul tillet departementet frivillige tilgang for å driva miljøarbeid eller overvaka departementet sine prosjekt. Folk som er engasjerte i naturstudiar får også koma i land her. På dei andre øyene er det berre tilgang for forskarar som driv vitskaplege studiar om øyene.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Chart NZ 2225, Hydrographic Office, Royal New Zealand Navy, 1994. Lese 13. desember 2007.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Engelsk Wikipedia om Kermadec Islands