Kerrcelle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ei kerrcelle er eit apparat som omdannar elektriske spenningsvariasjonar til lysvariasjonar. Apparatet byggjer på den elektrooptiske kerreffekten, oppdaga av den britiske fysikaren John Kerr (1824–1907) i 1875, og utvikla for praktisk nytte av den tyske fysikaren August Karolus (1893–1972) i 1923–24.

Kerrcella består av to plane elektrodar i ei gjennomsiktig væske, t.d. nitrobenzen, C6H5NO2, plassert mellom to polarisatorar, t.d. nicolprisme. I den første polarisatoren blir ljoset lineært polarisert. I væska blir polarisasjonsplanet dreidd i takt med den påtrykte signalspenninga mellom elektrodane. Den andre polarisatoren virkar som analysator, og vil gje varierande lysstyrke ut i takt med variasjonane i polarisasjonsretninga. Slik kan lysstyrken kontrollerast ved å variere spenninga på elektrodane. Kerrcella vart først utvikla for bruk i billettelegrafi og fjernsyn, og blir no brukt bl.a som optisk lukkar ved hurtig fotografering. Reaksjonstida er kort, ned til ca 10-8 s.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]