Keshet i Golanhøgdene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Keshet
moshav
Distrikt Nord distrikt
Koordinatar 32°58′49″N 35°48′30″E / 32.98028°N 35.80833°E / 32.98028; 35.80833
Folketal 799 (2019)[1]
Kart
Keshet i Golanhøgdene
32°58′49″N 35°48′30″E / 32.980277777778°N 35.808333333333°E / 32.980277777778; 35.808333333333
Wikimedia Commons: Keshet

Keshet (hebraisk קֶשֶׁת) er ei israelsk busetjing, moshav shitufi, i Golanhøgdene. Han vart grunnlagd i 1974 etter Jom kippúr-krigen av Hapoel HaMizrachi nær den syriske byen Quneitra, som vart fråflytta og så lagt i grus under seksdagarskrigen.[2] Namnet er ei omsetjing av namnet Quneitra («boge»). Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar i Golanhøgdene som ulovlege etter folkeretten, men dei israelske styresmaktene motset seg dette.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Keshet vart grunnlagd i ei tid då det var våpenkvile etter Jom kippúr-krigen av nasjonale, religiøse demonstrantar som var i mot ei israelsk tilbaketrekking til førkrigsgrensa. Dei slo seg først ned i ein bunker i utkanten av Quneitra, men vart tvungen til å flytte til ein fråflytta syrisk gard då Quneitra vart gjeve attende til Syria som ein del av våpenkvileavtalen. Fire månader seinare godkjende dei israelske styresmaktene å opprette ei busetjing, og nybyggjarane flytta til ein annan mellombels stad i ein fråflytta syrisk militærleir lenger vest. Den noverande busetjinga vart grunnlagd i 1978.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Keshet ligg nær vulkankjegla Peres 710 meter over havet. Han ligg like sør for hovudveg 87 mellom Keshetavkøyrsla og Bashan-avkøyrsla. Folketalet i 2005 var 524.[4]

Økonomiet[endre | endre wikiteksten]

Samfunnet livnærer seg av jordbruk og turisme.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://he.wikipedia.org/w/index.php?title=%D7%AA%D7%91%D7%A0%D7%99%D7%AA:%D7%91%D7%95%D7%98_%D7%99%D7%99%D7%A9%D7%95%D7%91%D7%99%D7%9D/4006&oldid=29003541.
  2. Andrew Beattie, Timothy Pepper, The Rough Guide to Syria 2nd edition, s. 146. Rough Guides, 2001. ISBN 1-85828-718-9
  3. «The Geneva Convention». BBC. 10. desember 2009. 
  4. arkivkopi, arkivert frå originalen 23. november 2015, henta 22. februar 2015