Ket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg Ketisk språk.
Ket
Munning Ob
Land i nedslagsfelt Flag of Russia.svg Russland
Lengd 1621 km
Middelvassføring 560 m³/s
Nedslagsfelt 94 200 km²

Ket (russisk Кеть; selkupisk Ӄыыт) er ei elv i Krasnojarsk kraj og Tomsk oblast i Russland og ei av sideelvane til Ob frå høgre. Elva er 1621 km lang og har eit nedslagsfelt på 94 200 km². Elva har ei middelvassføring på 560 m³/s.

Elva frys til seint i oktober eller tidleg i november og er islagd til seint i april eller tidleg i mai. Dei største sideelvane hennar er Sotsjur, Orlovka, Lisitsa, Vesle Ket, Mendel, Jelovaja og Tsjatsjamga.

Seint på 1800-talet vart Ket-Kas-kanalen bygd for å knyte Ket til Store Kas, som munnar ut i Jenisej. Dette prosjektet gjorde Ket ein del av vassvegen mellom Ob og Jenisej. Dessverre vart kanalen lang og grunn, og var isdekt det meste av året. Kanalen klarte ikkje å konkurrere med den transsibirske jarnvegen og vart forlatt rundt 1921.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]