Ketoj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ketoj
Satellittbilete frå NASA av Ketoj
Satellittbilete frå NASA av Ketoj
Høgd over havet 1172 moh
Ligg i/på Kurilane i Russland
Koordinatar 47°21′0″N 152°28′30″EKoordinatar: 47°21′0″N 152°28′30″E
Fjelltype Stratovulkan
Siste utbrot 1960

Ketoj er ei vulkanøy sentralt i Kurilane i Sakhalin oblast i Russland. Øya er sirkelforma og har eit areal på 73 km² og ein diameter på 10 km.

Midt på øya ligg ein 1,5 km breitt kaldera med ein liten kratersjø. Terrenget er bratt og kupert med fleire fjell. Langs kysten av øya er det bratte klipper som er frå 30-60 meter høge i aust og i sør til enno høgare klipper i vest og i nord. Strendene på øya består hovudsakleg av stein og steinblokker. Øya har ei høgd på 1172 meter over havet. Ketoj er framleis aktiv og hadde det siste utbrotet sitt i 1960.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]