Ketsalar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ketsalar


Praktketsal, Pharomachrus mocinnoFoto: D.Hatcher
Praktketsal, Pharomachrus mocinno
Foto: D.Hatcher

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Trogoniformes
Familie: Trogonidae
Slekter i takson Trogonidae

Ketsalar er fuglar i trogonfamilien, Trogonidae, med sterke, klåre farger. Dei finst i skog, spesielt i fuktig høgland, med fem artar frå slekta Pharomachrus utelukkande neotropiske, medan den eine Euptilotis-arten er nesten heilt avgrensa til vestlege Mexico, marginalt òg i tilstøytande statar i USA. Dei har iriserande grøne eller gyllengrøne farger på vengdekkarar, rygg, bryst og hovud, og dei har raud buk og underside. Dei viser sterkt kjønnsdimorfisme i fjørdrakta, delar av fjørdrakta hos hoer er brun eller grå. Desse fuglane lever hovudsakleg einslege av frukt, bær, insekt og små virveldyr som froskar. Trass den klåre fjørdrakta, kan dei vere overraskande lite synlege der dei lever i skogkledde habitat.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Fellesnamnet 'ketsal' er frå nahuatl quetzalli, 'store briljante halefjør'[1] eller 'haledekkfjør' frå ketsalar[2], rota quetz, 'stå opp', brukar ein for å referere til fjørpryd.

Nemninga 'ketsal' vart opphavleg brukt berre for arten praktketsal, Pharomachrus mocinno, den berømte langhala ketsalen i Sentral-Amerika, som er nasjonalfuglen i Guatemala. Framleis refererer ofte ketsal til denne arten spesifikt, men ketsal er òg fellesnamn for alle artar av slektene Pharomachrus og Euptilotis.

Slektnamnet Pharomachrus er frå gresk pharos, 'kappe', og makros, 'lang', det refererer til veng og haledekkfjør hos praktketsal.

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Ketsalar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.4 frå desember 2009 [3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [4]

Slekt Euptilotis

Slekt Pharomachrus

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Quetzal» frå Wikipedia på engelsk, den 18. desember 2010, artikkelen referer til
    • Restall, Robin (2006). Birds of northern South America. London: Christopher Helm. ISBN 9780713660265. 
    • Ridgely, Robert (1989). A guide to the birds of Panama : with Costa Rica, Nicaragua, and Honduras (2nd ed. ed.). Princeton N.J.: Princeton University Press. ISBN 9780691085296. 

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. The American Heritage dictionary
  2. Merriam-Webster's collegiate dictionary
  3. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood. 2009. The Clements checklist of birds of the world: Version 6.4 Lest 14. august 2010
  4. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]