Keurusselkä

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Keurusselkä
innsjø
Satellittbilete av området rundt Keurusselkä region. Nedslagskrateret er merkt med kvit sirkel, medan raud sirle markerer området ein har funne slagkjegler i.
Land  Finland
Område Keski-Suomi
Høgd over havet 105,4 moh.
Lengd 27 km
Areal 117,30 km²
Middeldjupn 6,4 m
Største djupn 40 m
Koordinatar 62°8′N 24°36′E
Kart
Keurusselkä
62°11′00″N 24°41′00″E / 62.183333333333°N 24.683333333333°E / 62.183333333333; 24.683333333333

Keurusselkä er ein innsjø sentralt i Keski-Suomi i Finland mellom tettstadane Keuruu i nord og Mänttä i sør. Han dekkjer eit areal på 117,30 km². Middeldjupet er 6,4 meter, men på det djupaste er han 40 meter. Overflata ligg 105,4 meter over havnivå. Innsjøen er 27 km lang, og er ein del av nedslagsfeltet til Kokemäenjoki. Keurusselkä fekk internasjonal presseomtale i 2004 då eit par amatørgeologar oppdaga eit eldgamalt nedslagskrater på vestsida av innsjøen.

«M/S Elias Lönnrot», ein av to hjuldamparar i Finland har turar på innsjøen om sommaren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]