Kevin Ayers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kevin Ayers
KevinAyers1974.jpg
Kevin Ayers, Hyde Park gratiskonsert, 29. juni 1974
Fødd 16. august 1944
Død 18. februar 2013 (68 år)
Instrument Gitar, bass
Sjanger Psykedelia
Pop
Eksperimentell musikk
Aktive år 1960-talet til i dag
Tilknytte artistar Soft Machine
Plateselskap LO-MAX
Island
Harvest
Market Square
Nettstad [http://kevin-ayers.com kevin-ayers.com]

Kevin Ayers (fødd 16. august 1944 på Kent, død 18. februar 2013 på Montolieu) var ein engelsk musikar og ein viktig person innan det engelske psykedeliske miljøet på slutten av 1960-åra. BBC-DJ John Peel skreiv i sjølvbiografien hans at «Talentet til Kevin Ayers er så stort at du kan utføre ein augeoperasjon med det.»[1]

Ayers var med å grunnla det banebrytande psykedeliske bandet Soft Machine i 1960-åra og var nært knytt til Canterbury scene.[2] Han har spelt inn ei rekkje album som soloartist og har mellom anna arbeidd med Brian Eno, Syd Barrett, John Cale, Elton John, Robert Wyatt, Andy Summers, Mike Oldfield, Nico og Ollie Halsall blant andre. Han budde i mange år i DeiàMallorca, men kom attende til Storbritannia på midten av 1990-talet. Han bur i dag sør i Frankrike.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Ayers er sonen til BBC-produsenten Rowan Ayers,[3], men etter at foreldra vart skilde og mora gifta seg på nytt med ein britisk embetsmann, budde Ayers det meste av barndommen sin i Malaysia.[4] Den tropiske atmosfæren og den rolege livsstilen påverka han, og ein av dei frustrerande sidene med karrieren til Ayers er at kvar gong det såg ut til at han var på randen til å bryte gjennom, reiste han av stad til ein solrik stad der det var lett å få tak i god vin og mat.[5]

Ayers kom attende til England då han var 12 år, og dei første åra på college slo han seg ned med musikarane i Canterbury-området. Han vart raskt medlem av Wilde Flowers,[6] i lag med Robert Wyatt og Hugh Hopper, samt framtidige medlemmar av Caravan. Ayers har sagt i fleire intervju at hovudårsaka til at han vart beden med i bandet truleg var fordi han hadde lengst hår. Dette fekk han derimot til å starte å skrive songar og synge.

Soft Machine[endre | endre wikiteksten]

The Wilde Flowers utvikla seg til Soft Machine med klaverspelaren Mike Ratledge og gitarist Daevid Allen. Ayers bytta til bass (og seinare både gitar og bass etter at Allen forlet bandet) og delte vokal i lag med trommeslagar Robert Wyatt. Kontrasten mellom barytonstemma til Ayers og tenorstemma til Wyatt, samt den utvungne blandinga av rock og jazz, gjorde bandet lett gjenkjenneleg i dei psykedeliske 60-åra. Bandet delte ofte scene (særleg på UFO Club) med Syd Barrett sitt Pink Floyd.[7] Dei gav ut debutsingelen sin, «Love Makes Sweet Music» i februar 1967, og det var ein av dei første innspelingane frå det nye britiske psykedeliske miljøet.[4] Debutalbumet deira, The Soft Machine, vart spelt inn i USA for ABC/Probe og kom ut i 1968. Det vert rekna som ein klassikar innan sjangeren.[8]

Solokarriere, 1969-1999[endre | endre wikiteksten]

Etter ein omfattande turne i USA som oppvarming for Jimi Hendrix, selde ein trøytt Ayers den kvite Fender Jazz-bassen sin til Noel Redding[9] og trekte seg attende til strendene på Ibiza i Spania med Daevid Allen for å kome til hektene att. Medan han var der skreiv Ayers songane som skulle verte det første soloalbumet hans, Joy of a Toy. Albumet var eit av dei første som kom ut på den nye Harvest-etiketten, i lag med platene til Pink Floyd. Joy of a Toy etablerte Ayers som eit unikt musikktalent med musikk som varierte frå sirkusmarsjar til tittelsporet til «Girl on a Swing» og den illevarslande «Oleh Oleh Bandu Bandong», basert på ein malaysisk folkesong. Ayers vart akkompagnert frå kollegaene i Soft Machine, i tillegg til nokre kutt av Rob Tait, som stundom spelte trommer i Gong.

Singelen «Religious Experience (Singing a Song in the Morning)» vart spelt inn i lag med den nære venen Syd Barrett på gitar og korvokal.[9] Sologitaren på den endelege miksen vart ofte trudd å vere spelt av Barrett, og han var til og med med på piratkopiplater av Barrett, men Ayers har sagt at han sjølv spelte soloen, og etterlikna stilen til Barrett. I 2004 kom Joy of a Toy ut med bonusspor der ein kan høyre Barrett sin solo.

Det andre albumet, Shooting at the Moon, kom ut raskt etter. For dette samla Ayers eit band han kalla The Whole World, som inkluderte ein ung Mike Oldfield på bass og stundom sologitar, avantgarde-komponisten David Bedford på klaverinstrument og saksofonisten Lol Coxhill. Igjen kom Ayers opp med ein haug songar med avantgarde instrumentalar innimellom og ein stor dose lune.

The Whole World var visstnok eit ujamt band live og Ayers var ikkje skapt for turnelivet. Bandet braut opp raskt etter turneen, utan vonde kjensler, sidan dei fleste musikarane òg spelte på det neste albumet til Ayers, Whatevershebringswesing, som vert rekna som eit av dei beste albuma hans,[10] med den smektande åtte minuttar lange tittelsongen som skulle verte signaturstilen til Ayers i 1970-åra.

Bananamour er det fjerde studioalbumet til Kevin Ayers og eit av hans mest tilgjengelege, med «Shouting in a Bucket Blues» og den underlege hyllesten til Syd Barrett, «Oh! Wot A Dream». Etter Whatevershebringswesing, samla Ayers saman eit nytt band med trommeslagar Eddie Sparrow og bassist Archie Legget og skreiv meir direkte tekstar. Hovudsongen på albuem er «Decadence», eit knusande portrett av Nico.

1974 var eit skilje for Ayers. I tillegg til å gje ut den mest fengande musikken sin dette året, hjelpte han andre artistar til eit breiare publiku, mellom anna Lady June (June Campbell Cramer). Innspelinga Lady June's Linguistic Leprosy, spelt inn i eit rom i heimen til Cramer i Vale Court i Maida Vale,[11], vart dikta til Lady June sett til musikken og stemma til Ayers, samt at Brian Eno og Pip Pyle òg medverka. Plata vart opphavleg gjeven ut på Ayers sitt eige Banana Productions selskap (via Virgin/Caroline).

The Confessions of Dr. Dream and Other Stories vart markert med at Ayers flytta til det meir kommersielle Island record og vert av mange rekna som det mest samanhengande dømet på filosofien til Ayers. Produksjonen var dyr og Ayers sa til NME i 1974 at konstanden var meir enn £32 000[12] (ein stor sum i dei dagar). På albumet vart Mike Oldfield igjen nytta og gitarist Ollie Halsall frå det progressive rockebandet Patto starta eit 20 år langt samarbeid med Ayers.

Den 1. juni 1974 stod Ayers øvst på plakaten på ein konsert som fekk mykje publisitet i Rainbow Theatre i London, i lag med John Cale, Nico, Brian Eno og Mike Oldfield. Konserten vart gjeven ut på Island Records berre 27 dagar seinare på konsertalbumet June 1, 1974. Det var mykje spaning mellom Ayers og John Cale under konserten, sidan Cale kvelden før oppdaga Ayers til sengs med kona hans[13]. Dette fekk han til å skrive den bitre sigerssongen «Guts» som kom ut på albumet hans Slow Dazzle i 1975.

I 1976 gjekk Ayers attende til Harvest og gav ut Yes We Have No Mañanas (So Get Your Mañanas Today). Albumet var meir kommersielt og sikra Ayers ein ny amerikansk kontrakt med ABC Records. Med seg på plata hadde han mellom anna B.J. Cole og Zoot Money. Same året gav Harvest ut samlinga Odd Ditties, med ei rekkje fargerike songar som Ayers hadde gjeve ut som B-sider eller ikkje gjeve ut i det heile.

Seint i 1970-åra og i 1980-åra heldt Ayers seg stort sett i varmare klima, og flykta frå dei endrande musikalske retningane på denne tida. I 1983 kom Diamond Jack and the Queen of Pain og var kanskje eit lågpunkt for Ayers. På BBC radio 1 i 1992 sa han i eit intervju at han ikkje kunne hugsa å ha spelt inn desse albuma i det heile. Vegen attende vart market i 1988 med Falling Up, som han fekk positiv tilbakemelding for i pressa for første gong på mange år.][14] I 1988 song han òg på Mike Oldfield-singelen «Flying Start». Teksten i songen inneheld referansar til livet til Ayers.

Trass i at Falling Up fekk god kritikk, hadde Ayers på dette tidspunktet nesten trekt seg heilt tilbake frå det offentlege livet, noko som vart ytterlegare forsterka då den musikalske partnaren Ollie Halsall brått døydde av ein heroinoverdose. Det akustiske albumet Still Life with Guitar, spelt inn med Fairground Attraction kom ut i Frankrike på FNAC og vart sidan gjeven ut i resten av Europa. Somme samarbeid med Ayers-fanatikarane Ultramarine og ein konsertturne med Wizards of Twiddly var det han gjorde i 1990-åra. Ei innspeling av ein konsert i London med Wizards of Twiddly vart gjeven ut på Market Square i 2000 som Turn The lights Down!.

Seint i 1990-åra levde Ayers eit roleg liv i Sør-Frankrike. Etter fleire år i dvale byrja Ayers å skrive songar igjen og gav i 2007 ut albumet The Unfairground, innspelt av mange yngre musikarar som såg på han som ei stor inspirasjonskjelde. Albumet vart kritikarrost.[15].

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

Tittel Selskap Utgjeving
The Soft Machine (med Soft Machine) ABC/Probe Des 1968
Joy of a Toy Harvest Nov 1969
Shooting at the Moon Harvest Okt 1970
Whatevershebringswesing Harvest Nov 1971
Bananamour Harvest Mai 1973
The Confessions of Dr. Dream and Other Stories Island Mai 1974
June 1, 1974 (med Nico, John Cale og Brian Eno) Island Jun 1974
Lady June's Linguistic Leprosy (med Lady June og Brian Eno) Caroline/Virgin Nov 1974
Sweet Deceiver Island Mar 1975
Yes We Have No Mañanas (So Get Your Mañanas Today) Harvest Jun 1976
Rainbow Takeaway Harvest Apr 1978
That's What You Get Babe Harvest Feb 1980
Diamond Jack and the Queen of Pain Charly Jun 1983
Deià...Vu Blau Mar 1984
As Close As You Think Illuminated Jun 1986
Falling Up Virgin Feb 1988
Still Life with Gitar FNAC January 1992
The Unfairground LO-MAX September 2007

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Margrave of the Marshes, John Peel & Sheila Ravenscroft, Bantam Press, 2005. ISBN 0-593-05252-8
  2. Turn On Your Mind: Four Decades of Great Psykedelisk Rock (Hal Leonard 2003) ISBN 0-634-05548-8
  3. The Independent-10 September 2007
  4. 4,0 4,1 The Sunday Times-2 September 2007
  5. "Is This Man A Dipso?" av Nick Kent (NME 31 August 1974)
  6. Soft Machine: Out-Bloody-Rageous by Graham Bennett (SAF Publishing 2005)
  7. Telegraph-30 August 2007
  8. Allmusic av John Bush
  9. 9,0 9,1 Joy of a Toy av Martin Wakeling (EMI September 2006)
  10. Sounds, 25 January 1972
  11. NME 18 January 1975
  12. NME 31 August 1974
  13. What's Welsh for Zen av John Cale (Bloomsbury 2003) ISBN 0-7475-4622-3
  14. The Guardian-4 July 2003
  15. Metacritic 2007

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]