Kevin Max

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kevin Max i juli 2008.

Kevin Max (fødd 17. august 1967) er ein USA-amerikansk songar, låtskrivar og poet. Han vart fyrst kjend som eitt av medlemmene i den kristne trioen Dc Talk, men har seinare vore aktiv som soloartist. Han er busett i Grand Rapids, Michigan saman med kona og fire born.

Oppvekst og Dc Talk[endre | endre wikiteksten]

Kevin vart adoptert av familien Smith i Grand Rapids, Michigan, der han voks opp. Han fekk namnet Kevin Max Eugene Smith, men endra namnet sitt til Kevin Max i 1997. Allereie i oppveksten vart han raskt lagt merke til for songstemma si, det store spennviddet i stemma og den spesielle vibratoen. Han gjekk fyrst på Grand Rapids Baptist High School og seinare på Liberty University i Lynchburg, Virginia. Her møtte han Michael Tait og Toby McKeehan som hadde danna bandet Dc Talk i lag. Kevin Max vart snart med som det tredje medlemmet i gruppa.

Dc Talk heldt på som trio frå 1988 til 2001 og gav ut fem studioalbum i denne tida. Kevin Max var vokalist i gruppa, men vart stadig meir aktiv også som poet. Både på Jesus Freak og Supernatural las han høgt frå sine eigne dikt. Fram til i dag har Max gjeve ut fleire diktsamlingar. I 2001 kunngjorde gruppa at dei ville ta ein pause for å starta tre individuelle soloprosjekt, men ettersom åra gjekk, vart det klart at gruppa ikkje ville koma saman att.

Soloartist[endre | endre wikiteksten]

Allereie i 1994 hadde Kevin Max gjeve ut ein "spoken word"-EP, At the Foot of Heaven. I august 2001 gav han ut si fyrste soloplate på ForeFront Records; Stereotype Be. Denne plata fekk mykje ros for å kombinera progressiv rock og pop med verdsmusikk og spoken word. Både stilen og tekstane var gåtefulle og kunstnariske og annleis enn Dc Talk hadde vore. Plata selde ikkje så mykje på den kristne marknaden, og Max miste kontrakten med ForeFront.

Max' neste prosjekt vart Raven Songs 101(2003), ei ny "spoken word"-plate, der Kevin Max les høgt frå diktsamlinga si, The Detritus of Dorian Gray til lydeffektar og musikk av Adrian Belew. I 2004 gav han ut ein EP med songar han hadde skrive for ei andreplate som soloartist i ForeFront. EP-en vart utgjeven på nytt i 2005 på Northern Records.

Hausten 2004 spelte Kevin Max hovudrolla i musikalen Joseph and the Amazing Technicolor Dreamcoat av Andrew Lloyd Webber. 11. oktober 2005 gav han ut si andre ordinære soloplate, The Imposter (Northern Records). Denne var ikkje fullt så eksperimentell som Stereotype Be og heldt seg mest til rock og blues. I 2005 gav han ut joleplata Holy Night.

I 2007 skifte Kevin Max plateselskap før han gav ut si tredje soloplate The Blood i desember same året. The Blood er ei gospelplate der Max har teke med Toby McKeehan og Michael Tait på ein av songane i tillegg til Amy Grant, Vince Gill og MaryMary med fleire. I 2008 spelte Kevin Max hovudrolla i den kristne filmen The Imposter. Enno ein gong skifte han plateselskap til dPulse Records og gav ut EP-en Crashing Gates i desember 2008.

Det foreløpig siste studioalbumet til Kevin Max heiter Cotes d'Armor (True Rebels) og kom ut på dPulse i 2010. Ein av songane frå albumet, «On Yer Bike!» vart også utgjeven som singel. Same året gav han ut heile tre EP-ar på dPulse. I 2012 gav han ut EP-en Fiefdom of Angels-Side OneBlind Thief Recordings.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

  • Stereotype Be (Forefront Records, 2001)
  • The Imposter (Northern Records, 2005)
  • Holy Night (Northern Records, 2005)
  • The Blood (Infinity Music, 2007)
  • Cotes d' Armor (dPulse Recordings, 2010)
  • Cotes d'Armor (True Rebels Expanded) (dPulse Recordings, 2011)

EP[endre | endre wikiteksten]

  • At the Foot of Heaven: a Mini Audio Book (spoken word, Starsong, 1994)
  • Between the Fence & the Universe (Northern Records, 2004)
  • Crashing Gates (dPulse Recordings, 2008)
  • Traveler (Mora Brothers Remixes) (dPulse Recordings, 2010)
  • Unholy Triad (dPulse Recordings, 2010)
  • Unholy Triad Remix (dPulse Recordings, 2010)
  • Fiefdom of Angels-Side One (Blind Thief Recordings, 2012)

Kjelde[endre | endre wikiteksten]