Key to the Highway

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Key to the Highway
Singel av Charlie Segar
B-side

«Stop and Fix It Mama»

Utgjeve 1940
Innspelt Chicago
23. februar 1940
Sjanger Blues
Lengd 2:54
Selskap Vokalion (Cat. nr. 5441)
Charlie Segar-kronologi 
«Cow Cow Blues»
(1935)
Key to the Highway «Dissatisfied Blues»
(1940)


«Key to the Highway» er ein bluesstandard først spelt inn av Charlie Segar i 1940. Segar, stundom kjend som «Key Board Wizard Supreme», var ein bluespianist og stundom songar frå Pensacola i Florida.[1] Han flytte til Chicago, der han gjorde innspelignar med andre bluesartistar, som Bumble Bee Slim og Memphis Minnie, samt songar på eiga hand.[1] «Key to the Highway» er ein av åtte kjende songar Segar spelte inn med sitt eige namn mellom 1934 og 1940 for Decca og Vokalion.

«Key to the Highway» er vanlegvis tilskriven Charles «Chas» Segar og William «Big Bill» Broonzy.[2]

Charlie Segar sin originale «Key to the Highway» vart gjort i middels tempo som ein 12-taktsblues. Då Jazz Gillum seinare spelte han same året (med Big Bill Broonzy på gitar), endra han melodien og arrangementet til ein 8-taktsblues, som han vanlegvis er kjend som. Eit år seinare spelte Broonzy inn «Key to the Highway» med arrangementet og melodien til Gillum, og skapte ein av dei mest kjende av dei tidlegare versjonane av songen. I 2010 vart Broonzy si utgåve innlemma i Blues Hall of Fame i kategorien «Classics of Blues Recordings».[3]

Little Walter-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Key to the Highway
Singel av Little Walter and his Jukes
B-side

«Rock Bottom»

Utgjeve 1958[4]
Innspelt August 1958[5]
Sjanger Chicago blues
Lengd 2:48
Selskap Checker 904[5]
Produsent Leonard Chess, Phil Chess, Willie Dixon[5]
Little Walter and his Jukes-kronologi 
«The Toddle»
(1958)
Key to the Highway «My Baby's Sweeter»
(1959)


Kort tid etter venen Broonzy døydde i 1958, spelte Little Walter inn «Key to the Highway» som ein Chicago-blues (Checker 904). Innspelinga vart gjort i august og med seg hadde Walter (vokal og munnspel) Muddy Waters (slidegitar), Luther Tucker (gitar), Otis Spann (piano), Willie Dixon (bass) og George Hunter (trommer).[5] Songen vart ein hitt og låg 14 veker på R&B-lista til Billboard, der han nådde sjetteplass i 1958.[6]

Eric Clapton-versjonar[endre | endre wikiteksten]

Eric Clapton spelte inn den mest kjende versjonen av songen fro Derek and the Dominos-albumet Layla and Other Assorted Love Songs i 1970. Den varer over ni minuttar, og var i røynda ein tilfeldig jam mellom Clapton og Duane Allman. Dei ska ha høyrt songaren Sam SamudioSam the Sham») gjere songen i eit studio like ved og starta spontant å spele han. Dette jaga opp produsenten Tom Dowd, som høyrte kva som skjedde og raskt bad lydteknikarane om å starte opptak. Dette forklarar kvifor sporet tonar inn, fordi dei alt hadde starta songen.[7]

Songen finst på 1995-utgåva av Eric Clapton's Rainbow Concert frå 1973. Clapton spelte òg på Johnnie Johnson si utgåve i 1991 og igjen med blueslegenda B.B. King i 2001 på Riding with the King. Under ein Allman Brothers-konsert i Beacon Theatre i New York City i mars 2009, var Clapton med bandet på scenen for å spele denne songen.[8]

Keith Richards og Eric Clapton, med eit band med blant andre Steve Jordan på trommer, covra "Key To The Highway" på Crossroads Guitar Festival i 2013.

Rolling Stones[endre | endre wikiteksten]

I 1964 spelte the Rolling Stones ein versjon av «Key to the Highway» i Chess Studios i Chicago. Over 20 år seinare vart eit 33 sekund langt klipp av dette gjeve ut på slutten av albumet Dirty Work.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Jazz Gillum-arrangementen av «Key to the Highway» er spelt eller framført av mange andre artistar, som :

Kjelder[endre | endre wikiteksten]