Kgalema Motlanthe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kgalema Motlanthe

Kgalema Motlanthe (fødd 19. juli 1949) var president i Sør-Afrika frå 25. september 2008 til 9. mai 2009, og visepresident av African National Congress (ANC). Han overtok det som stod att av presidenskapsperioden til Thabo Mbeki då denne trekte seg.

Motlanthe blei fødd i Johannesburg som son av ein gruvearbeidar. Han tok del i studentopprør, fagforeiningsarbeid og kampen mot apartheid med ANC. I desember 2007 blei han visepresident i ANC. Motlanthe blei teken inn i regjeringa som minister utan portefølje i juni 2008, for å klargjera ein enklare overgang frå den Thabo Mbeki si avgåande regjering til den som blei vald i 2009.

Mothlanthe blei vald til ny president av den sørafrikanske folkeforsamlinga den 25. september og teken i eid same dag. Han fekk 269 av 351 gjevne stemmer. Kgalema Mothlante tok over etter at Ivy Matsepe-Casaburri hadde vore stadfortredande president i ein dag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]