Khabur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 35°8′33″N 40°25′51″E
Khabur
arabisk: نهر الخابور, gammalsyrisk:ܢܗܪܐ ܕܚܒܘܪ, kurdisk: Çemê Xabûr, tyrkisk: Habur Nehri, Habor, Chaboras, hebraisk Kebar,Chebar
elv
none  Khabur sør for Al-Hasakah
Khabur sør for Al-Hasakah
Land Flag of Syria.svg Syria, Flag of Turkey.svg Tyrkia
Byar Ra's al-'Ayn, Al-Hasakah, Busayrah
Kjelde Ras al-'Ayn
 - høgd 350 moh
Munning Eufrat
 - koordinatar 35°8′33″N 40°25′51″E
Lengd 486 km
Nedslagsfelt 37 081 km²
Vassføring
 - middel 45 /s
 - maks 57 /s
 - min /s
[1][2]

Khabur (arabisk الخابور al-khābūr, hebraisk כבר Kebar, kurdisk Xabûr, gammalsyrisk ܚܒܘܪ ḥābur/khābur, tyrkisk Habur) er den største sideelva til Eufrat i Syria. Sjølv om Khabur spring ut i Tyrkia, er den karstiske kjelda kring Ra's al-'Ayn hovudvasskjelda for elva. Fleire viktige periodiske elvar møter Khabur nord for Al-Hasakah, og dannar i lag det som vert kalla Khaburtriangelet eller Øvre Khabur. Frå nord til sør minkar den årlege nedbørsmengda i Khabur-området frå over 400 mm i året til mindre enn 200 mm, så elva har vore ei viktig vasskjelde for jordbruket i området gjennom historia. Khabur møter Eufrat nær byen Busayrah.

Sideelvar[endre | endre wikiteksten]

Sideelvane til Khabur er lista frå aust til vest. Dei fleste av desse er periodiske elvar, wadi, som berre fører vatn i delar av året.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Khabur er åstad for fleire viktige soger i boka til Esekiel i Det gamle testamentet, som i opningsverset: «Det var i det trettiande året, på den femte dagen i den fjerde månaden, medan eg var mellom dei bortførte attmed Kebar-elva, at himmelen opna seg. Eg såg syn av Gud».[bibelen 1]

Andre referansar til elva i Esekiel er 1:3; 3:15; 3:23; 10:15; 10:20; 10:22; og 43:3.

Ho er òg nemnd i Første Krønikebok 5:26: «Då eggja Israels Gud Tiglat-Pileser mot dei, kongen av Assur, han som dei òg kalla Pul. Han førte dei i eksil, både rubenittane, gadittane og halve Manasse-stammen. Han tok dei til Halah, Habor, Hara og Gosan-elva, og der har dei vore til denne dag.»[bibelen 2]

Sidan 1930-åra er det gjort mange arkeologiske utgravingar og undersøkingar i Kahburdalen og dei indikerer at det har budd folk her sidan eldre steinalder.[3] Viktige stader som er utgrave er mellom andre Tell Halaf, Tell Brak, Tell Leilan, Tell Mashnaqa, Tell Mozan og Tell Barri. Regionen har gjeve namn til eit særeige målt steintøy funne i Nord-Mesopotamia og Syria tidleg på 1000-talet fvt. Regionen kring Khabur-elva er òg tilknytt starten på kongedømet Mitanni som blømde ca. 1500-1300 fvt.

Khaburdalen i dag[endre | endre wikiteksten]

Khabur-prosjektet, som starta i 1960-åra, har omfatta bygginga av ei rekkje demningar og kanalar. Tre demningar er bygde i Khaburvassddraget for kunstig vatning. Dette omfattar òg Tabqademninga i Eufrat.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hole F, Zaitchik, BF (2007). «Policies, plans, practice, and prospects: irrigation i northeastern Syria». Land Degradation & Development 18 (2): 133–152. doi:10.1002/ldr.772. 
  2. Burdon, DJ, Safadi, C (1963). «Ras-el-Ain: the great karstic spring of Mesopotamia. An hydrogeological study». Journal of Hydrology 1: 58–95. doi:10.1016/0022-1694(63)90033-7. 
  3. Nishiaki, Y. (1992). «Preliminary results of the prehistoric survey i the Khabur Basin, Syria: 1990–91 seasons». Paléorient 18 (1): 97–102. doi:10.3406/paleo.1992.4566. 

Andre kjelder[endre | endre wikiteksten]