Khaled

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For namnet Khaled, sjå Khalid
Khaled held konsert i New York i 2002.

Khaled (arabisk خالد, f. 29. februar 1960), opphavleg Khaled Hadj Brahim, òg kjend som Cheb Khaled, er ein algerisk songar, kjend for rai-musikken sin og fleire store slagerar, som «Aicha» og «Didi».

Khaled blei fødd i Oran i Algerie, som er opphavet til den algeriske rai-musikken. Han utvikla raskt ei interesse for å utøva, og byrja å underhalda i bryllaup og omskjæringsseremoniar. Som fjortenåring gav han ut sin første singel, «Trig Lycee», 'skulevegen'. Musikaren var med på utviklinga av musikken på det tidlege 1980-talet, då ein tok i bruk fleire vestlege instrument og nye studioteknikkar.

Han blei kjend som «kongen av rai» under Oran-festivalen i 1985. Etter å ha motteke fleire trugsmål frå fundamentalistiske muslimar på grunn av «umoralsk» innhald i songane og livet sitt, flytta han til Frankrike i 1986.

Fram til 1992 var han kjend som «Cheb Khaled», 'den unge Khaled'. Dette året la han vekk tittelen og gav ut albumet Khaled, som gjorde han til stjerne i Frankrike. I 1993 blei han den første utøvaren av «verdsmusikk» som fekk ein pris på MTV.

Khaled syng hovudsakleg på arabisk og fransk. Han har samarbeidd med mange ulike artistar, mellom anna innan hip hop-verda, med israelske Noa og med den indiske songaren Amar.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til fleire algeriske utgjevingar i 1970- og 80-åra har Khaled gjeve ut desse albuma:

  • 1987: Kutché med Safy Boutella
  • 1992: Khaled
  • 1993: N'ssi, N'ssi
  • 1997: Sahra
  • 1998: Hafla
  • 1999: 1, 2, 3 Soleils med Faudel og Rachid Taha
  • 1999: Kenza
  • 2004: Ya Rayi

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]