Khalid Skah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Khalid Skah


Statsborgarskap Marokko
Fødd 29. januar 1967 (57 år)
Midelt
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992

Utmerkingar

Bislett-medaljen

Khalid Skah (fødd 29. januar 1967) er ein tidlegare marokkansk langdistanseløpar som var gift og busett i Noreg på nittitalet.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Khalid Skah sin toppidrettskarriere starta med at han deltok i VM i terrengløp i 1990 og 1991 og vann begge gongene. I 1991 deltok han for fyrste gong i VM i friidrett, det fann stad i Tokyo. På 10 000 meter-finalen vart han berre slått av kenyanarane Richard Chelimo og gullvinnaren Moses Tanui, og fekk bronsemedalje. Skah deltok også på 5000 meter, men kom på sjetteplass.

Khalid Skah deltok i sitt fyrste OL i Barcelona under sommar-OL 1992. Under 10 000-meter finalen var det Skah og kenyanske Richard Chelimo som kniva om fyrsteplassen. Då dei tok att marokkanske Hammou Boutayeb med éi runde, forstyrra Boutayeb kenyanaren slik at Khalid Skah fekk eit lite forsprang og greidde å vinna over Chelimo med eitt sekund. Skah vart fyrst diskvalifisert, men diskvalifiseringa vart seinare trekt attende. Under medaljeutdelinga vart gullvinnaren Skah møtt med buing frå publikum, medan Chelimo fekk ståande applaus.

I 1993-sesongen vann Khalid Skah gull på 10 000 meter under middelhavsleikane i Narbonne. Under eit stemne i Hechtel-Eksel i Belgia i juni 1993 tok Khalid Skah verdsrekord på distansen 2 engelske mil. Han vann eit prestisjetungt 5000 meter-løp i Zürich same året og deltok så på 5000 meter under VM i friidrett 1993 i Stuttgart, men enda her på ein femteplass. I tillegg fekk han dette året Bislett-medaljen for framståande prestasjonar på Bislett stadion.[1]

I 1994 vann han VM i halvmaraton. Under VM i friidrett 1995 i Göteborg. deltok han igjen på 10 000 meter, men enda på andreplass, bak Haile Gebrselassie. Sommar-OL 1996 i Atlanta vart den siste større internasjonale tevlinga han deltok i, men leikane enda medaljelaust for han.

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

Khalid Skah gifte seg med den norske interiørdesignaren Anne Cecilie Hopstock i 1992 og blei norsk statsborgar i 1995. I Noreg tevla han for IL i BUL, men internasjonalt tevla han for Marokko. Skah og Hopstock fekk to born saman, men ekteskapet blei oppløyst same året som familien hadde flytt til Marokko. Hopstock kom heim att til Noreg og fekk foreldreretten til borna to år seinare.

I juli 2009 kom borna inn i den norske ambassaden i Rabat. Nokre dagar seinare blei borna utleverte av ein politiattache og over til hjelparane til Hopstoc og deretter smugla ut av Marokko i seglbåt. Aksjonen var i privat regi, men det blei seinare kjent at dei tre eller fire medhjelparane var tidlegare operatørar i den norske etterretningsorganisasjonen E 14, og blant dei var to tidlegare marinejegerar tilknytte det norske forsvaret.[2]

Aksjonen førte til protestar frå regjeringa i Marokko, og det oppstod ein diplomatisk strid mellom dei to landa. Striden dreidde seg hovudsakleg om at borna hadde doble statsborgarskap på det tidspunktet dei oppheldt seg i den norske ambassaden i Rabat, og marokkanske styresmakter meinte at norske styresmakter hadde bidrege til å krenka suvereniteten til landet ved å utlevera borna til medhjelparane utanfor ambassaden. Marokkanske styresmakter viste til at det er i strid med diplomatisk etikett ifylgje Wien-konvensjonen om diplomatiske relasjonar.

Skah hevda sjølv at borna blei bortførte og at væpna norske kommandosoldatar hadde teke seg inn i heimen hans. Hopstock stadfesta seinare at ho hadde leigd inn hjelparar for å frakta borna ut med seglbåt. Skah har krevd foreldreretten i marokkansk rettsvesen. Dei marokkanske styresmaktene har offentleg bede om at dei involverte blir straffeforfylgde. Etter dødsfallet til offiseren Trond André Bolle blei det kjent at han var ein av dei to kommandosoldatane som var med på operasjonen.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Bislettmedaljen/The Bislett Medal» (PDF). Diamond League Oslo. Arkivert frå originalen (PDF) 29. januar 2017. Henta 30. januar 2017. 
  2. Rolf J. Widerøe og Hans Petter Aass (7. februar 2011). «Hentet ut barna i Skah-aksjon». VG.no. Arkivert frå originalen 30. januar 2017. Henta 30. januar 2017. 
  3. «Trond Bolle hentet Skah-barna til Norge». NRK. 28. juni 2010. Henta 30. januar 2017.