Khamsin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Khamsin over Libya

Khamsin, kamsin eller chamsin er ein tørr, støvfylt og varm ørkenvind i Nord-Afrika og Den arabiske halvøya, særleg over Egypt og området kring Raudehavet. Khamsin er ein sør- til søraustleg vind, og følgjer ei heitebølgje med noko kjøligare middelhavsluft. Vinden kjem oftast om våren innanfor eit tidsrom på kring 50 dagar. Dette har òg gjeve namn til vinden, sidan khamsin er det arabiske ordet for «femti». Vinden oppstår i samband med lågtrykk som flyttar seg mot aust eller nordaust i Nord-Afrika og det austlege Middelhavet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]