Khan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Khan, også stava Xan, Han, Ke-Han, er ein tittel på ein herskar eller ein militær leiar i altaiske språk. Dei kvinnelege variantane er khatun, khatan og khanum.

«Khan» var opphavleg berre ein tittel på tyrkisk for ein leiar av ein stamme. Mongolar og tyrkarar tok han med til større delar av Asia, og tittelen har no fleire tydingar, som kommandør, leiar eller herskar. Ein finn for det meste khanar i Sør-Asia, Sentral-Asia og Iran.

Forskjellige mongolske, tyrkiske og hunarfolk frå Sentral-Asia tok med seg tittelen til Afghanistan og nordre India der han seinare vart teken i bruk av lokalbefolkninga som eit namn. Khagan (Khan av Khanar) eller Stor-Khan, var tittelen til Dsjengis Khan og hans etterkomarar.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]