Khaniá

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Khaniá
Lokalt namn: Χανιά
Delar av det venetianske kvarteret i Khaniá
Delar av det venetianske kvarteret i Khaniá
Geografi
2011 Dimos Chanion.png
Stad Kreta
Koordinatar 35°31′N 24°01′EKoordinatar: 35°31′N 24°01′E
Areal 351,3 km²
Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Kreta
Khaniá
Hovudsete Khaniá (53 910 innb.)
Demografi
Folketal 108 642 (2011[1])
Folketettleik 309,3 /km²

Khaniá (gresk Χανιά), òg kalla Hania eller Chania, eldre former Khanea eller Chanea, italiensk Canea, osmansk خانيه Hanya, er ein by i periferieininga med same namn, der han òg er hovudstad, på Kreta i Hellas. Han er den nest største byen på Kreta med om lag 54 000 innbyggjarar med rundt 70 000 i storbyområdet. Byen ligg på nordkysten av øya, om lag 70 km vest for Réthymno og 145 km vest for Iráklio.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane

Dei sju tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]

Den tidlegare kommunen Khaniá, no kommunaleininga Khaniá

Historie[endre | endre wikiteksten]

Antikken[endre | endre wikiteksten]

Khaniá ligg på same stad som den minoiske busetnaden grekarane kalla Kydonia. Ein har funne spor etter sivilisasjonen i gamlebyen, og dette området ser ut til å ha vore busett sidan steinalderen. Byen dukka opp igjen mot slutten av den minoiske perioden som ein viktig bystat i antikkens Hellas. Bystaten strekte seg frå Khaniábukta til foten av Levká Óri. Frå fastlandet kom det ei stor gruppe dorianarar rundt år 1100 fvt. Kydonia var stadig i krig med andre kretiske bystatar som Aptera, Falasarna og Polyrrinia og var viktig nok til at han vart nemnd i Odysseen av Homer (iii.330). I 69 fvt. slo den romerske konsulen Metellus kretarane og erobra Kydonia, som han gav privilegium som ein sjølvstendig bystat. Kydonia fekk rettane til å prege myntar fram til 200-talet evt.

Austromartida[endre | endre wikiteksten]

Den tidlege kristne perioden under Austromarriket og under arabarane, som kalla busetnaden Khaniá, er ikkje godt dokumentert. Under austromarane spreidde kristendomen seg på øya, men under arabarane vart den kristne folkesetnaden forfulgt og dei flytta til fjella. Austromarriket tok byen tilbake i 961. Dei bygde sterke festningsverk i byen for å hindre ein ny arabisk invasjon ved å nytte material frå antikke bygningar i området. På denne tida vart Khaniá sete for ein biskop.

Den venetianske perioden[endre | endre wikiteksten]

Den gamle hamna under venetianarane

Etter det fjerde krosstoget (1204) og Austromarrikets fall i Hellas vart Kreta gjeve til Bonifacio, marchese de Montferrat. Han valde å selje øya til Republikken Venezia for 100 sølvmark. I 1252 klarte venetianarane å legge kretarane under seg, men i 1263 tok dei rivaliserande genuesarane, men lokal hjelp, byen under Enrico Pescatore si leiing. Genova haldt byen fram til 1285 då venetianarane kom tilbake. Khaniá vart sete for ein rektor i området og blømde som eit viktig kommersielt senter i eit rikt jordbruksområde.

Det venetianske styret var i starten strengt og hardt, men etter kvart betra forholdet mellom dei to partane seg. Kontakt med Venezia førte til at kulturen til venetianarane og kretarane blanda seg. Namnet på byen vart La Canea og festningsverka vart gjort sterkare til ei form han framleis har i dag. Etter Konstantinopels fall i 1453 flykta mange prestar, munkar og kunstnarar til Kreta og styrkte den austromerske religionen og kulturen på øya. Byen Khaniá hadde på denne tida ei blanding av austromersk, venetianske og antikk gresk kultur.

Den osmanske perioden[endre | endre wikiteksten]

Den gamle hamna under Det osmanske riket

Dei nye bymurane hindra ikkje den osmanske hæren i å erobre byen i 1645 etter berre ei to månadar lang omleiring. Mange soldatar omkom under omleiringa, særleg tyrkarar, og den tyrkiske kommandanten vart avretta då han kom tilbake til Tyrkia for å ha mista opp til 40 000 mann. Seinare vart dei fleste kyrkjene omgjort til moskear og rikdomen i byen vart fjerna. Dei bygde óg nye moskear, bad og fontener. Pashaen på Kreta hadde sitt sete i Khaniá.

I 1821 tok Hellas opp kampen mot Det osmanske riket, og det var kamphandlingar mellom grekarar og tyrkarar i Khaniá. Biskopen av Kíssamos, Melhisedek Despotakis, vart hengd i eit tre i Splantzia for å ha deltatt i opprøret. I 1878 vart Halepapakten signert og dei kristne fekk visse rettar. Dette skjedde då mange av dei lokale muslimane flytta til Tyrkia. Resten av muslimane vart verande igjen fram til folkeutvekslinga mellom Hellas og Tyrkia i 1922.

Den moderne greske perioden[endre | endre wikiteksten]

Kyrkje

Eleftherios Venizelos, som kom frå Mourniés nær Khaniá, var leiaren av eit opprør mot det osmanske styret i 1896-97 og vart seinare statsminister i Hellas. Grava hans ligg på ein ås ovanfor Khaniá. I 1898, under dei siste stega mot sjølvstyre og samanslutting med Hellas, gjode Stormaktene Khaniá til hovudstad av ein delvis sjølvstyrt kretisk stat (Kritiki Politeia) med prins Georg av Hellas. I desse åra gav Kreta ut eigne frimerke og pengar. Dette førte til at Khaniá blømde. Hovudmålet var derimot ei samanslutting med Hellas, som kom etter Venizelos konstante motstand mot prins Georg sitt styre over Hellas. Ei rekkje konfliktar, som opprøret i Therissos i 1905 førte til slutt til at prins Georg vart styrta og Alexandros Zaimis tok over styret av Kreta. I 1908 klarte til slutt Venizelos å opprette ei revolusjonsregjering, anerkjend av Stormaktene. Det at han seinare (1910) vart vald som statsminister i Hellas var det siste steget før Kreta vart ein del av Hellas igjen 1. desember 1913. Det greske flagget vart for første gong reist ved Fort Firka i den gamle hamna med Eleftherios Venizelos og Kong Konstantin til stades.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]