Khanti
| Khanti (Ханти) |
||
| Klassifisering: | uralsk ugrisk obugriske språk |
|
| Bruk | ||
| Tala i: | Russland | |
| Område: | Khanty-Mansia | |
| Khantitalande i alt: | 9580 (2010)[1] | |
| Rangering: | Ikkje topp-100 | |
| Skriftsystem: | kyrillisk | |
| Offisiell status | ||
| Offisielt språk i: | Khanty-Mansia | |
| Språkkodar | ||
| ISO 639-3: | kca | |
Khanti (tidlegare ostjakisk) er eit ugrisk språk i den uralske språkfamilien som blir snakka i Khanty-Mansia i Vest-Sibir i Russland.
Innhaldsliste |
Utbreiing [endre]
I 1959 vart khanti tala av 77 % av eit folketal på 19 410 khantiar. I 1970 var tala 68,9 % av 21 138, i 1989 60,5 % av 28 678, i 2002 48,8 % av 28 678 og i 2010 31,0 % av 30 943.
Dialektar [endre]
Khanti er eigentleg tre ulike språk (nord-, aust- og sørkhanti), som kvar for seg er delt opp i svært mange dialektar.
Skriftspråk [endre]
Før den russiske revolusjonen vart det publisert ein del religiøse skrifter på khanti. Rett etter revolusjonen fekk khanti, som så mange språk i Sovjetunionen, eit eige skriftspråk, basert på det latinske alfabetet. I tråd med skiftet i den sovjetiske politikken i 1935 vart dette skriftspråket skifta ut med eit skriftspråk det kyrilliske alfabetet.
Fotnotar [endre]
- ↑ "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010
Litteratur [endre]
- Honti, László 1984: Chrestomathia ostiacica. Tanköyvkiadó, Budapest.
- Honti, László 1988: Die Ob-Ugrische Sprachen. Sinor, Denis (ed.) The Uralic Languages. Leiden: E.J.Brill.
- Steinitz, Wolfgang 1950: Ostjakische Grammatik und Chrestomathie. Mit Wörterverzeichnis, Otto Harrasowitz, Leipzig.
- Steinitz, Wolfgang 1975: Ostjakologische arbeiten I, Mouton Publishers, The Hague - Paris - New York.
|
|
|
|---|---|
| khanti · mansi · ungarsk |