Khatanga
| Khatanga | ||
| Munning | Khatangabukta | |
| Land i nedslagsfelt | ||
| Lengd | 227 km | |
| Middelvassføring | 3320 m³/s | |
| Nedslagsfelt | 364 000 km² | |
Khatanga (russisk Хатанга) er ei elv i Krasnojarsk kraj i Russland. Elva er 227 km lang og har eit nedslagsfelt på 364 000 km². Elva har ei middelvassføring på 3320 m³/s.
Elva startar der elvane Kotuj og Kheta renn saman og ho munnar ut i Khatangabukta i Laptevhavet.
Medrekna Kotuj, den lengste tilløpselva, er Khatanga 1636 km lang. Det er over 112 000 innsjøar i nedslagsfelt hennar, med eit samla areal på 11 600 km².
Elva frys til i månadsskiftet september-oktober og er isdekt til byrjinga av juni. Heile elva kan nyttast til skipsfart, men på grunn av is og flaum er det berre midtsomars det i praksis er mogeleg å ferdast med båt på elva. Khatanga er særs rik på fisk.
Elvehamna og landsbyen Khatanga ligg på høgresida (sørsida) av elva, rundt 15 km etter starten ved Kotuj/Kheta-samløpet.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Khatanga» frå Wikipedia på bokmål, den 28. oktober 2008.