Khazar Islands

Koordinatar: 40°14′21″N 49°38′07″E / 40.23917°N 49.63528°E / 40.23917; 49.63528
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

40°14′21″N 49°38′07″E / 40.23917°N 49.63528°E / 40.23917; 49.63528

Khazar Islands
Land  Aserbajdsjan
Del av Bakuøyane
Kart
Khazar Islands
40°14′29″N 49°38′03″E / 40.24134°N 49.634242°E / 40.24134; 49.634242

Khazar Islands, også kjend som Caspian Islands,[1] er eit ufullført byggeprosjekt i Aserbajdsjan, kring 23 km sørvest for sentrum av hovudstaden Baku.

Prosjektet går ut på å byggje ein ny by på 41 menneskeskapte øyar i Kaspihavet.[2][3][4]

Bygginga starta i 2011 og var venta å stå ferdig i 2020-2025. Byen skulle då kunne romme ein million menneske og omfatte det som ville bli den høgaste skyskraparen i verda, med det foreløpige namnet «Azerbaijan Tower». Khazar Islands ligg kring 23 km sørvest for sentrum av Baku. Den nye byen skulle strekkje seg langs to rekkjer av øyar og bygningar, 7 km utover i havet. Øyane ville dekkje kring 2000 hektar. Kring 60 hengebruer skulle gå mellom øyane, som i tillegg til bustader skulle bestå av 150 skular, 50 sjukehus, mange parkar, kjøpesenter, kultursenter, stadion, veddeløpsbane, ein Formel 1-bane og ein internasjonal flyplass, i tillegg til Azerbaijan Tower.[5]. Byen vil verte bygd for å stå imot kraftig jordskjelv, som stundom råkar dette området.

Avesta var entreprenør for prosjektet, som var venta å koste kring 100 milliardar dollar. Direktøren for selskapet, Ibrahim Ibrahimov, skal ha fått ideen til prosjektet då han flaug mellom Baku og Dubai.[6][7][8]

Då oljeprisen gjekk ned i 2015 fekk prosjektet problem. I mai 2015 blei Ibrahimov arrestert etter at selskapet ikkje kunne betala gjelda si til International Bank of Azerbaijan, ei gjeld som då var rekna til å vera på rudnt 57 millionar dollar.[9] Ibrahimov blei sett fri, og selskapet heldt føre at prosjektet framleis ville bli ferdig mellom 2020 og 2025 med kinesiske investeringar.[9] I ei intervju i april 2017 insisterte Ibrahimov på at det forseinka arbeidet kom til å byrja att seinare det året.[10] I oktober 2017 blei det rapportert at Ibrahimov hadde byrja å arbeida med Avesta att og at han ikkje kom til å forlata Aserbajdsjan, men det blei sådd tvil om arbeidet med Khazar Islands kom til å halda fram.[11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Evgrashina, Lada; Antidze, Margarita (11. april 2012). «Azerbaijan aims to put up world's tallest building». Reuters. Arkivert frå originalen 11. oktober 2014. Henta 28. juni 2020. 
  2. azer news[daud lenkje]
  3. Alexander, Anila (April 13, 2012). «Azerbaijan Plans World's Tallest Tower At 'New Venice' (PHOTOS)». International Business Times. 
  4. Valiyev, Anar (1. april 2013). «Baku». Cities (på engelsk) 31: 625–640. ISSN 0264-2751. doi:10.1016/j.cities.2012.11.004. 
  5. Azerbaijan News, arkivert frå originalen 8. mars 2012, henta 19. juni 2012 
  6. New York Times article on Ibrahimov's vision for the islands
  7. ViaTechnik report on the islands
  8. «Haji Ibrahim Nehramli - Dream Big, Dream Tall.». Arkivert frå originalen 6. mars 2014. Henta 1. februar 2018. 
  9. 9,0 9,1 Milli.az report on Avesta and the Khazar Islands
  10. Reports of April 2017 interviw with Ibrahimov
  11. Xural Report October 2017