Khediv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Muhammad Ali, khediv av Egypt

Khediv er persisk for 'herre' (arabisk خديوي ), og var ein tittel som først blei brukt av Muhammad Ali som først visekonge og seinare tributtpliktig monark av Egypt og Sudan. Etterkommarane hans brukte tittelen heilt fram til Hussein tok tittelen sultan av Egypt etter den fyrste verdskrigen.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Tittelen er kjent på engelsk sidan 1867, og kjem frå det persiske ordet khidiw, som betyr 'prins', som igjen kjem av khuda, 'meister, prins,' som stammar frå gamalpersisk khvadata-, 'herre', samansett av orda khvat og data, bokstaveleg tyding er 'laga av seg sjølv'.