Khibiny

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Khibiny om vinteren

Khibiny (russisk Хибины) er ein av dei to største fjellkjedeneKolahalvøya i Russland.

Massivet har ei oval form som dekkjer om lag 1300 km² av dei sentrale områda av halvøya. Ho har ei høgd på 900-1000 meter og det høgaste punktet er Judytsjvumtsjorr på 1191 meter over havet. Fjelltoppane er forma som platå med barre fjellsider og isbrear, ismarker og snømarker enkelte stader. Terrenget er generelt fjelltundra.

Om lag 5 km frå det austlegaste punktet i Khibiny ligg det andre massivet, Lovoziorskije Tundry.

Massivet er seismisk aktivit og særs rikt på forskjellige mineral, hovudsakleg apatitt- og nefelinmalm.

Ved foten av fjellkjeda ligg byane Apatity og Kirovsk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 67°44′05″N 33°43′34″E