Khimki

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Khimki
Химки
Byåpenet til Khimki
Byvåpenet til Khimki


Plassering
Khimki is located in Russland
Khimki is located in Moskva oblast
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Moskva oblast
Grunnlagd
Bystatus
1850
1939
Borgarmeister Vladimir Streltsjenko
Geografi
Flatevidd
 - By

115 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

181 000
  1 573,9 /km²
Koordinatar 55°54′″N 37°27′″EKoordinatar: 55°54′″N 37°27′″E
Høgd over havet 180 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 141401–141421
Retningsnummer (tlf) (+7)495
Nettstad: www.admhimki.ru

Khimki (russisk Химки) er ein by i Moskva oblast i Russland med om lag 180 000 innbyggjarar (2007). Han ligg om lag 20 km nordvest for Moskva sentrum, ved sidan av Moskvakanalen.

Byen Khimki vart offisielt grunnlagd i 1939 rundt ein jernbanestasjon med same namn som hadde eksistert sidan 1850 på ruta mellom St. Petersburg og Moskva. Khimki ligg no direkte ved grensA til byen Moskva.

Etter den andre verdskrigen vart Khimki vertsby for fleire sovjetiske utviklingssentera innan romfart og forsvar, som var dei primære arbeidsgjevarar for størsteparten av innbyggjarane. Av denne grunnen var Khimki utilgjengeleg for alle utlendingar som vitja Sovjetunionen, trass i at byen låg ved hovudvegen mellom Moskva og den viktigaste internasjonale lufthamna. Nokre romfartsbaserte utviklingssentera i Khimki bidrar for tida til eit program for den internasjonale romstasjonen ISS.

I dei siste åra har innbyggjarane i Khimki helde fram å vokse raskt, på grunn av massiv bustadbygging drive av nærleiken til Moskva, som er tett folkesett og treng nye område å ekspandere på.

Byen nyt godt av mykje handelsverksemd på grunn av plasseringa mellom Moskva og ein av hovudflyplassane, Sjeremetjevo. I Khimki ligg eit av dei to største kjøpesentera i Russland, med den franske handelskjeda Auchan og den svenske møbelkjeda IKEA.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]