Khiosmassakren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oljemåleri av Khiosmassakren av Eugène Delacroix.
I juni 1822 sette den greske Konstantinos Kanaris og hans flåte fyr på den osmanske flaggskipet i hamna på Khíos. Admiral Kapudan Pasha vart drepen i denne aksjonen

Khiosmassakren refererer til drapet på fleire titusenar grekarar av dei osmanske styrkane på øya Khíos i 1822.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Dei osmanske styrkane okkuperte Khíos utan kampar under leiing av Piali-Pasha i 1556. Før det var Khíos styrt frå Genova. Både livet på Khíos og produksjonen på øya heldt fram som før overtakinga. Innbyggjarane hadde mange privilegium og der var få tyrkarar som budde på fortet på øya. Den lokale overklassa heldt på jorda, rikdomen og lokal makt.

Khíos blomstra under tyrkisk styre, truleg grunna mastik-produksjonen på øya. Mastik var nytta mellom anna som parfyme, tannrens og tyggegummi hos haremet til sultanen.

Det var nokre forsøk på å frigjera Khíos frå tyrkarane, som florentinarane i 1599 og venetianarane i 1694]]—1695. Ingen av desse lykkast. Økonomien på Khíos heldt fram å vekse og i 1822 budde det om lag 120 000 menneske på øya.

den greske sjølvstendekrigen starta i 1821 var Khíos først ikkje involvert. Den første krigshandlinga på øya skjedde 11. mars 1822 då ein gjeng opprørarar frå Sámos under leiing av Lykourgos Logotheis saman med nokre få khiotar, kringsette det tyrkiske fortet, utan å oppnå noko.

Khíos ligg berre få kilometer frå det tyrkiske fastlandet, og sultan Bechit meinte det var viktig å lære khiotane ei lekse.

Khiosmassakren[endre | endre wikiteksten]

Den 30. mars 1822 nådde den osmanske flåten øya. Admiral Kapudan Pasha Kara Ali hadde kommando og med seg hadde han ein styrke på fleire tusen irregulære krigsfolk. Opprørarane frå Sámos trekte seg då fort tilbake og sivilbefolkninga stod uvæpna igjen.

I to veker slakta, brente, plyndra og øydela tyrkarane Khíos. Leiarar vart hengd og estimat tilseier at minst 25 000 menneske mista livet. Mange vart også seld på slavemarknaden. Enkelte kjelder seier at så mange som 44 000 mista livet og 50 000 vart seld som slavar og 23 000 flykta.

Etterspel[endre | endre wikiteksten]

Massakren var godt dokumentert og det kom ut truverdige rapportar og skildringar. Øydeleggingane på Khíos skapte enormt sinne i Europa, noko ein kan sjå i verk frå Eugène Delacroix, og i forfattarskapen til Lord Byron og Victor Hugo.

Etter alle protestane og press frå organisasjonen Philhellenism bestemte Sultan Bechit at khiotane skulle få fritt leide til øya igjen. I ein periode sponsa han til og med dette.

I juni same året sette den greske Konstantinos Kanaris og hans flåte fyr på den osmanske flaggskipet i hamna på Khíos. Admiral Kapudan Pasha vart drepen i denne aksjonen.

Økonomien på Khíos vart hardt råka av massakren. Leiarane var anten drepne eller dei hadde rømd, og kom ikkje attende. Dette gjorde også at øya vart ramma ekstra av frosten i 1850 og jordskjelvet i 1881. Khíos fekk tilbake litt av sin gamle rytme først på byrjinga av 1900-talet

Khíos vart ein del av Hellas etter den første balkankrigen (1912) og vart offisielt annektert frå Tyrkia etter Lausannetraktaten i 1923.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]