Khirbet Ghazaleh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Khirbet Ghazaleh
خربة غزالة
by
Land  Syria
Guvernement Daraa guvernement
Distrikt Al-Sanamayn-distriktet
Nahiyah Khirbet Ghazaleh
Koordinatar 32°44′N 36°12′E / 32.733°N 36.200°E / 32.733; 36.200
Folketal 16 240  (2004)[1]
Tidssone EET (UTC+2)
Kart
Khirbet Ghazaleh
32°44′00″N 36°12′00″E / 32.73333333°N 36.2°E / 32.73333333; 36.2
Wikimedia Commons: Khirbet Ghazaleh

Khirbet Ghazaleh (arabisk خربة غزالة, òg skrive Khirbet Ghazalah) er ein by i Daraa guvernement, kring 17 kilometer nordaust for Daraa ved Da'el i vest og nær Izra' i nord. Han ligg langs hovudvegen mellom Damaskus og Amman. I 2004 talte Statistisk sentralbyrå i Syria 16 240 innbyggjarar i Khirbet Ghazaleh.[1] Innbyggjarane er hovudsakleg sunnimuslimar.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det syriske opprøret i 2011[endre | endre wikiteksten]

Innbyggjarane i Khirbet Ghazaleh deltok i demonstrasjonane mot dei syriske styresmaktene og tok imot Den frie syriske armeen (FSA) til opposisjonen under opprøra i 2011-2012.[treng kjelde] Den 14. november 2011 etter eit åtak frå FSA mot ein buss som førte tryggingspoliti, gjekk den syriske hæren til væpna åtak mot byen og 20 FSA-medlemmar, lokale soldatar og sivile mista livet. I følgje opposisjonsaktivistar i Khirbet Ghazaleh støytte FSA saman med den syriske hæren medan beduinar frå kringliggande landsbyar kom for å hjelpe innbyggjarane i byen.[3]

Den 18. mars 2012 øydela opposisjonssoldatar ein overføring på hovudvegen for å hindre tanks å kome inn i området. Det statseigde Syrian Arab News Agency (SANA) stadfesta bombinga av brua og estimerte kostnaden av øydeleggingane til over $5 million.[4]

Den 8. mai 2013 erobra den syriske armeen byen etter to månader med intens bombing, og fekk kontroll over den internasjonale hovudvegen.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Folketeljing 2004 Arkivert 2013-01-12 ved Archive.is. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Daraa guvernement. (arabisk)
  2. Smith, 1841, s. 151.
  3. Oweis, Khaled Yacoub. Fighting in Syria kills 40 near Jordan border-activists Arkivert 2011-12-30 ved Wayback Machine.. Reuters. 2012-04-05.
  4. Mroue, Bassem. Explosion near Syrian security building in Aleppo. The Associated Press. 2012-03-18.
  5. «Assad's forces capture strategic town in southern Syria». Trust.org (Reuters). 17. april 2014. Arkivert frå originalen 4. august 2013. Henta 17. april 2014.