Khoisanspråk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Khoisan
Vidare inndeling:
Område: Kalahari, sentrale Tanzania


Utbreiinga av khoisanspråk (gult)

Khoisanspråk er ei gruppe språk som blir snakka i det sørlege Afrika (Sør-Afrika, Namibia, Angola og Botswana). Khoisan vart føreslått som ein språkfamilie av Joseph Greenberg,[1] men lingvistar som studerer språka har forkasta ideen om at dei utgjer ein genetisk familie.[2][3] Grunnen til at Greenberg sitt framlegg fekk såpass gjennomslag var dels at khoisanspråka alle bruker klikkelydar, og dels at ingen av dei høyrer til nokre andre afrikanske språkfamiliar.

Språk som har vorte rekna som khoisanspråk[endre | endre wikiteksten]

Hadza[endre | endre wikiteksten]

Hadza (isolat, 800 talarar i Tansania)

Sandawe[endre | endre wikiteksten]

Sandawe (isolat, 40000 talarar i Tansania)

Ju-ǂhõã[endre | endre wikiteksten]

Desse blir ofte referert til som nordkhoisanspråk.

Tuu[endre | endre wikiteksten]

Desse blir ofte referert til som sørkhoisanspråk.

ǃKwi[endre | endre wikiteksten]

ǂHõã[endre | endre wikiteksten]

Khoe-kwadi-språk[endre | endre wikiteksten]

Desse blir ofte referert til som midtkhoisanspråk.

  • Khoekhoe: nama-språket
  • Khoe
    • Kxoe: kxoe, ǁani, buga, gǀanda
    • Naro-gǁana: naro, gǁana, gǀui, #haba
    • Shua: cara, deti, ǀxaise, danisi, ts'ixa
    • Tshwa: kua, cua, tsua

Til saman har språka som blir referert til som khoisanspråk omtrent 150 000 talarar. I dag vert dei talt i Kalahari-ørkenen i sørvestlege Afrika, og i ein liten del av Tanzania. Det einaste vidstrakte språket er nama, med ein kvart million brukarar. Sandawe kjem på andre plass, med 40 000, og ju har 30 000. Mange av språka minskar i utbreiing, og er sjeldne og/eller utdøyande – nokre av språka er allereie utdøydde.

Klikkelydane i khoisanspråka[endre | endre wikiteksten]

Det einaste karakteristisk trekket som er felles for khoisanspråka er dei såkalla klikkelydane. Språket juǀ'hoan har 30 klikk-konsonantar og rundt 90 ulike fonem. Språka ǃXóõ og ǂHõã er like komplekse. Dei einaste andre språka som brukar slike klikkelyder, er bantuspråka som blir snakka i nærleiken, som t.d. nguni-språka (mellom anna zulu, xhosa og nedebele) og gciriku.

Khoisanfolka i Botswana blir rekna for ein av dei eldste greinene av menneskeslekta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Greenberg, Joseph H. 1955. Studies in African Linguistic Classification. New Haven: Compass Publishing Company. (Reprints, with minor corrections, a series of eight articles published in the Southwestern Journal of Anthropology from 1949 to 1954.)
  2. Bonny Sands (1998) Eastern and Southern African Khoisan: Evaluating Claims of Distant Linguistic Relationships. Rüdiger Köppe Verlag, Cologne
  3. Gerrit Dimmendaal (2008) "Language Ecology and Linguistic Diversity on the African Continent", i Language and Linguistics Compass 2(5)

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Schapera, I.: The Khoisan Peoples of South Africa - Bushmen and Hottentots. London : Routledge & Kegan Paul, 1960.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Khoisanspråk