Khopjor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Khopjor
Hoper sla.jpg
Munning Don
Land i nedslagsfelt Flag of Russia.svg Russland
Lengd 980 km
Middelvassføring 2720 m³/s
Nedslagsfelt 61 100 km²

Khopjor (russisk Хопёр) er ei elv i den europeiske delen av Russland og ei av sideelvane til Don frå venstre. Ho er 979 km lang med eit nedslagsfelt på 61 100 km². Ved munningen er middelvassføringa hennar 2720 m³/s og elva er her 300 meter brei. Khopjor er framkommeleg for skipsfart 323 km oppover elva.

Av byar langs elva finn ein Balasjov, Borisoglebsk, Urjupinsk, Novokhopjorsk og Serafimovitsj.

Dei største sideelvane hennar er Vorona og Savala frå høgre, og Serdoba og Buzuluk frå venstre.

Nedanfor Borisoglebsk ligg Khopjor naturreservat med bever, visent og russisk desman.

Elva har gjeve namn til føretaket Khoper-Invest kjend for ein pyramidespelsvindel.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]