Khudzjand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Khujand)
Det historiske muséet i Sughd

Khudzjand (tadsjikisk Хуҷанд Khudzjand) er ein by i Tadsjikistan ved utlaupet til elva Sirdarjo i Ferganadalen, 150 km sør for Tasjkent. Han hadde i 2002 147 400 innbyggjarar.

Byen har tekstilindustri (bomull og silke), skotøy- og næringsmiddelindustri. Han har eit universitet frå 1991. Mellom 1936-90 heitte byen Leninabad. Han vart hærteken av Aleksander den store i 329 f.Kr. og av russarane i 1866.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Khodsjent» i Store norske leksikon, snl.no.