Khujtnij orgil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Khujtnij orgil
Høgd over havet 4 374 moh
Ligg i/på Mongolia, Kina
Fjellkjede Altajfjella
Koordinatar 49°09′N 87°47′EKoordinatar: 49°09′N 87°47′E

Khujtnij orgil (mongolsk Хүйтний оргил, Den kalde toppen) eller Khüitenfjellet (mongolsk Найрамдал оргил, Nairamdal orgil, Хүйтний оргил, Khuijtij orgil, òg Venskapstoppen) er det høgaste punktet i Mongolia og ligg heilt vest i landet. Toppen har ei høgd på 4 374 meter over havet og ligg under eit permanent snødekke. Han er ein av dei fem toppane i Tavan Bogd-massivet («dei fem helgenane») i lag med Venskapstoppen (Nairamdal), Bürged Uul (Ørnefjellet), Naran Uul og Ölgij Uul. Området som massivet ligg i har dei siste åra vorte eit populært turistmål.

Desse toppane dannar grensetriangelet mellom Mongolia, Russland og provinsen Xinjiang i Kina. Dette er óg staden i Mongolia som ligg nærast Kasakhstan, som berre er 40 km unna.