Khvalynsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Khvalynsk
Хвалынск
Byvåpenet til Khvalynsk
Byvåpenet til Khvalynsk


Plassering
Khvalynsk is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Saratov oblast
Grunnlagd
Bystatus
1556
1780
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)

13 600
Koordinatar 52°29′00″N 48°06′00″EKoordinatar: 52°29′00″N 48°06′00″E
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf) +7 84595

Khvalynsk (russisk Хвалы́нск) er ein by i Saratov oblast i Russland med om lag 14 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 180 km nordaust for Saratov.

Byen Khvalynsk vart grunnlagd i 1556 som ein russisk utpost på Sosnovyj-øya i Volga. I 1606 vart heile busetnaden flytta til staden der dagens Khvalynsk ligg og vart kjend som Sosnovyj Ostrov (russisk: Сосновый Остров, omsett: Granøya). I 1780 fekk byen byrettar og nytt namn, Khvalynsk.

Khvalynsk ved Volga

Namnet på byen, som det gamle namnet på Det kaspiske hav, «Khvalynsjøen» er avleidd frå namnet «Khwalis» for innbyggjarane i Khwarizm.

På 1700- og 1800-talet var Khvalynsk kjend som eit lokalt senter for handel med brød og jordbruksprodukt. Han var òg eit av sentra for dei gammaltruande.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.