Khaibarpasset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Khyber)
Khaibarpasset med utsyn mot Afghanistan.
Khaibarporten (Baab e Khyber) på Jamrud-vegen i Yaghistan.

Khaibarpasset (tidlegare Khyberpasset) er eit fjellpass som ligg på grensa mellom Pakistan og Afghanistan. Passet går gjennom nordaustre Safed Koh, ein del av Hindukushfjella. Khaibarpasset er rundt 53 km langt og når opp til 1072 moh. Det bind saman byane Kabul og Peshawar.[1]

Historisk var Khaibarpasset ein viktig del av Silkevegen. Det har også vore brukt av ei rekkje erobrarar i begge retningar, mellom anna Darius I av Persia, Aleksander den store, Djengis khan og andre mongolar, Mahmud Ghaznavi, Muhammad Ghori og Ranjit Singh.

Då britane okkuperte i området befesta dei passet. Etter første verdskrigen fekk dei bygd ein jernbane gjennom passet. Jernbanen mellom Jamrud nær Peshawar og den afghanske grensa nær Landi Kotal blei opna i 1925. Under andre verdskrigen reiste britane «draketenner» (hitlertenner) av sement for å hindra ein mogleg tysk tankinvasjon av India.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Khyberpasset i Store Norske Leksikon.
  2. «Introducing The Khyber Pass». Lonelyplanet.com. 24. mars 2009. Henta 12. november 2010. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Khaibarpasset