Kiberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kiberg
 Foto: magnethy

Foto: magnethy

Geografi
Kommune Vardø
Fylke Finnmark
Folkemengd[1] 205 (2012)
Folketettleik 539,5 /km²
Areal[1] 0,38 km²
Annan informasjon
Ferdselsårer E75
Postnummer 9960 KIBERG
Preposisjon i Kiberg
Kart
Kiberg is located in Finnmark
70°17′10″N 31°0′2″EKoordinatar: 70°17′10″N 31°0′2″E

Kiberg er ein tettstad i Vardø kommune i Finnmark. Staden ligg på nordsida av munningen til Varangerfjorden, nær det austlegaste punktet på fastlandet i Noreg, Kibergneset, og om lag 10 km frå Vardø by. E75 går gjennom Kiberg.

Kiberg har vore eit viktig fiskevær i fleire hundre år og er det framleis i dag.

Under andre verdskrigen reiste mange frå Kiberg over til Sovjetunionen. 45 av mennene gjekk inn i Den raude arméen, og fleire av dei var på spionoppdrag attende i det nazi-okkuperte Nord-Troms og Finnmark. Ei av oppgåvene var å overvake den tyske skipstrafikken og rapportere attende til Sovjet om det som skjedde. Dette arbeidet førde til at sovjetarane klarte å finne og senke ca 80 tyske lasteskip. Nær halvparten av dei 45 partisanane frå Kiberg vart fanga og drepne av tyskarane. Etter krigen reiste nesten alle dei overlevande attende til Kiberg. I etterkrigstida vart mange av dei misstenkte for å vere spionar for Sovjet og utsett for overvaking, og Kiberg vart kalla «Lille Moskva». Det tok lang tid før Kiberg-partisanane vart heidra for innsatsen sin for Noreg. I 2000 vart Partisanmuseet opna i det tidlegare skuleinternatet i Kiberg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2012.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kiberg
Spire Denne geografiartikkelen som har med Finnmark å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.