Kickapoo-språket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kickapoo
Andre namn Kikapú
Klassifisering Algisk
 Algonkinsk
  Fox-sauk-kickapoo
Talarar kickapoofolk
Bruk
Tala i USA, Mexico
Kickapootalande i alt 800
Språkkodar
ISO 639-3 kic
Kart over urfolksspråk i Mexico med færre enn 20 000 talarar.
Kennekuk (ca. 1790–1852), kickapoo-medisinmann og -leiar, kjend som «kickapoo-profeten».

Kickapoo-språket er eit algonkinsk språk som blir tala i Midtvesten og Texas i USA og nord i Mexico.

Kickapoo blir tala av noko over 800 menneske – 539 i USA og 400 i Mexico – av ei etnisk gruppe på om lag 3000. I USA bur talarane i Horton i det nordaustlege Kansas, i McCloud og Jones i det sentrale Oklahoma og i Nuevo Nacimiento i Texas, og i Mexico bur dei i Nacimiento de Kikapú, 40 km nordaust for Muzquiz i delstaten Coahuila. Kickapoo blir rekna som ein dialekt av det fox-sauk-kickapoo i lag med fox, sauk og det utdøydde mascouten.

Fonologi[endre | endre wikiteksten]

Kickapoo har eit enkelt fonemsystem, med fire vokalar og elleve konsonantar.[1]

Vokalar[endre | endre wikiteksten]

Dei fire vokal-fonema kan vere både korte og lange:

Vokalar
Fremre urunda Sentral urunda Bakre runda
Trong iii
Midtre eee ooo
Open aaa

Vokalane blir normalt uttala om lag som dei vokalane som blir skrivne [i e a o] i IPA-transkripsjonen, men e blir ofte uttala noko trongare, som [ɪ], mellom konsonantar. Ein trykksvak vokal er ustemd på slutten av ei ytring etter p t c k θ s og etter w y som fylgjer ein av desse konsonantane. Ein trykksvak vokal er knirkestemd etter andre konsonantar og etter ein annan vokal sist i ei ytring.

Konsonantar[endre | endre wikiteksten]

Språket har ti konsonant-fonem, som her er attgjevne ortografisk:

Konsonantar
Labial Dental Alveolar Postalveolar Palatal Velar Glottal
Plosiv/affrikat p t c k  
Frikativ θ s h
Nasal m n
Halvvokal w y

Mellom ein vokal og ein vokal eller halvvokal kan p t c k θ s vere stemde, slik at dei er uttala [b d ʤ g ð z], medan dei elles er ustemde (og alltid usapirerte), det vil seie [p t ʧ k θ s]. T er apikal-alveolar.

Kickapoo har desse konsonantgruppene: hp ht hc hk hm hn sk. I tillegg kan dei fleste einskildkonsonantane og konsonantgruppene fylgjast av halvvokalane w y.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Framstillinga byggjer på Paul H. Voorhis 1974. Introduction to the Kickapoo language. (Indiana University Publications. Language Science Monographs, Vol. 13.) Bloomington: Indiana University.