Kid Ory

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kid Ory

Fødd25. desember 1886
FødestadLaPlace (Louisiana)
Død23. januar 1973 (86 år)
DødsstadHonolulu
FødenamnEdward Ory
OpphavUSA
Aktiv1910–1973
Sjangerjazz
Instrumenttrombone
PlateselskapColumbia Records, Philips Records, Verve Records
Verka somorkesterleiar, dirigent, jazzmusikar, komponist, banjospelar

Edward «Kid» Ory (25. desember 188623. januar 1973) var ein amerikansk jazz-trombonist og bandleiar. Han var fødd på Woodland Plantation nær LaPlace i Louisiana, og det var her han byrja laga musikk. 21 år gammal drog Ory til New Orleans. Han starta ei musikkgruppe som var ei av dei best kjende i byen i 1910-åra, og som hadde innom musikarar som Joe «King» Oliver, Mutt Carey, Louis Armstrong, Johnny Dodds og Jimmie Noone.

Etter ei tilstelling der Ory og bandet hans blei arrestert då nokre av tilhøyrarane hadde byrja å slost forlét Ory Sørstatane. Han vitja først California før han slo seg ned i Chicago, der han bidrog til å gjera dixieland kjend for eit vidare publikum.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne musikkartikkelen som har med USA å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.