Kids av Robbie Williams og Kylie Minogue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kids
Singel av Robbie Williams og Kylie Minogue
frå albumet Sing When You're Winning og Light Years
Utgjeve 9. oktober 2000
Innspelt 2000
Sjanger Pop
Lengd 4:47 (versjon frå Sing When You're Winning)
4:19 (versjon frå Light Years)
Selskap EMI
Produsent Robbie Williams
Guy Chambers
Robbie Williams-kronologi 
«Rock DJ»
(2000)
Kids «Supreme»
(2000)
Kylie Minogue-kronologi
«On a Night Like This»
(2000)
Kids «Please Stay»
(2001)


«Kids» er ein duett av Robbie Williams og Kylie Minogue, utgjeven som den andre singelen frå det fjerde album av Williams Sing When You're Winning. Han var òg den tredje singelen frå albumet Light Years av Minogue. Singelen kom ut i oktober 2000.

Informasjon[endre | endre wikiteksten]

«Kids» vart ein hit i Storbritannia, der han nådde andreplassen på singellista og selde over 200 000 eksemplar. Singelen vart dermed sertifisert til sølv av British Phonographic Industry. Songen nådde Topp 10-lista i fleire andre land inkludert New Zealand, Mexico, Argentina, og Topp 20 i Australia.

Williams og Minogue har berre framført songen saman ved eit par høve. Det mest kjende er på MTV Europe Music Awards i 2000, men dei har òg gjort det to gonger på Top of the Pops og på ein av Williams sitt konsertar i Manchester i 2001.

Format og sporliste[endre | endre wikiteksten]

Promo CD
  1. «Kids» (Radio Edit)
  2. «Kids» (Robbie Rap Edit)
  3. «Kids» (Karaoke Version)
  4. «Kids» (Album Version)
Britisk og internasjonal CD 1
  1. «Kids» – 4:47
  2. «John's Gay» – 3:40
  3. «Often» – 2:46
  4. «Kids» (Video)
Britisk og internasjonal CD 2
  1. «Kids» – 4:47
  2. «Karaoke Star» – 4:10
  3. «Kill Me or Cure Me» – 2:14

Topplisteplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Toppliste Listeplassering[1][2]
Storbritannia (UK Singles Chart) 2
New Zealand (RIANZ) 5
Irland (Irish Singles Chart) 9
Australia (ARIA Charts) 14
Nederland (Dutch Top 40) 24
Sverige (Sverigetopplistan) 31
Sveits (Schweizer Hitparade) 35
Belgia (Ultratop Flandern) 38
Tyskland (Media Control Charts) 39

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Steffen Hung. «"Kids" Chart Positions». Swedishcharts.com. Henta 29. august 2012. 
  2. Style Hatch. «> Discography > Kids». Robbie Williams.com. Henta 29. august 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]