Kielder Water

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kielder-reservoaret
Kielder-reservoaret - Kielder Dam i 2007
Kielder Dam i 2007
Stad Northumberland
Koordinatar 55°11′N 2°30′WKoordinatar: 55°11′N 2°30′W
Type innsjø reservoar
Tilknytte land England
Vassvolum 200 milliardar liter
Kystlengd1 44 km
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Kielder Water er eit stort reservoar i Northumberland i Nordaust-England. Det er eit av dei største reservoara i Storbritannia ut frå kapasitet og ligg i Kielder Forest. Han vart planlagt seint i 1960-åra for å sikre vasstilførsel til den aukande industrien i området. Bygginga føregjekk mellom 1975 og 1981 av AMEC/Balfour Beatty[1] og vart opna av dronning Elizabeth II i 1982. Det tok to år før dalen var heilt fylt opp etter at bygginga var ferdig.

Den tradisjonelle tungindustriens tilbakegang, samt meir vasseffektive industriprosessar og betre kontroll med vasslekasjar, gjorde reservoaret mindre nødvendig. Dette førte til mykje kritikk av det statsstyrte prosjektet[2], men i dei seinare åra har det likevel vist seg å vera nyttig. Undervasskjelder som tilfører vatn sikrar at reservoaret alltid er fylt opp, sjølv under langvarig tørke. Det gjer at det nordaustlege England alltid har nok vatn, medan sørlege område av England ofte vert tvungne til å innføre restriksjonar på vassbruk i tørkeperiodar.

Reservoaret tener Tyneside, Wearside og Teesside.

Kielder Water er eigd av Northumbrian Water og held 200 milliardar liter, eller 0,2 kubikkilometer med vatn. Rutland Water er det største reservoaret i Storbritannia ut frå areal, medan Kielder Water har den største kapasiteten.

Vasskraftverk[endre | endre wikiteksten]

Ved Kielder Water ligg òg det største vasskraftverket i England. Det vart opna i 1982 og er eigd av Northumbrian Water. I 2005-2006 vart turbinane byta ut og kapasiteten auka, og har i dag ein kapasitet på 6 megawatt (MW).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]