Kielfreden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kielfreden var ein avtale mellom Sverige og Danmark-Noreg som vart inngått 14. januar 1814. Avtalen gjekk ut på at danskekongen, som ein tapar i Napoleonskrigane, skulle overgje Noreg til kongen av Sverige. Til gjengjeld skulle danskekongen få dei svenske områda i Pommern.

Avtalen tredde likevel aldri i kraft. Preussen tok herredøme over Pommern, medan Noreg erklæra sjølvstendet sitt, vedtok ei grunnlov og valde prins Christian Frederik som konge. Etter ein kort krig med Sverige godtok Noreg ved Konvensjonen i Moss, signert 14. august 1814, å gå inn i ein personalunion med Sverige.

Kielfreden inkluderte ikkje Grønland, Island og Færøyane, som med det vart overførte til dansk suverenitet etter å ha vore under Noreg sidan Noregsveldet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]