Kieren Keke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kieren Keke

Fødd27. juni 1971 (52 år)
Yaren
Statsborgar avNauru
Yrkediplomat, lege, politikar
Alle verv
  • Minister for Finance (2003–2003)
  • Minister for Finance (2008–2011)
  • Minister for Finance (2011–2011) Sjå dette på Wikidata

Kieren Aedogan Keke (fødd 27. juni 1971 i Yaren) er ein naurisk lækjar og tidlegare parlamentsmedlem. Han er no ein hovudperson i opposisjonspartiet Naoero Amo. Han er ein av få lækjarar på øya. (Andre er dr. Mark Kun, dr. Ludwig Keke (far hans Kieren, tannlækjar), dr. Godfrey Waidabu og dr. Kiki Thoma.)

I 2004 fekk han ikkje taka parlamentssetet sitt av di parlamentsmedlem Russell Kun hevda at Keke ikkje er ein naurisk innbyggjar. Keke vart òg arrestert saman med David Adeang og Fabian Ribauw i april 2004 og sikta for opprørsleiing etter ein demonstrasjon på flyplassen i Nauru, men siktinga vart snart fråfallen. Keke vart atter innvald i parlamentet i oktober 2004 og er no helseminister på Nauru.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]