Kifisós

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kifisós (gresk Κηφισός), òg skrive Kephissós eller Kefisus, er namnet på fleire elvar i Hellas:

  • Kifisós i Viotía har sitt utspring i Fokída og renn gjennom nordlege område av Viotía og ut i Kopaídasjøen.
  • Kifisós i Attikí er ei elv i Attikí som renn over den atenske sletta.
  • Kifisós i Elevsína er ei anna elv i Attika som renn over den eleusinianske sletta. Pausanias (1.38.4) hevdar at denne har større vassføring enn den Kifisós som renn over den atenske sletta.
  • Kifisós i Argolída er ei sideelv til Inakhos. I følgje Pausanias (2.15.5) skal elvane Inakhos, Kefissos og Asterion avgjorde kven av Poseidon og Hera som skulle eige Argos. Dei valde Hera og dermed tørka Poseidon landet omkring slik at elvane som rann der fekk lite vatn og tørka opp om sommaren.
  • Kifisós i Salamína.
  • Kifisós i Korint, ei tidlegare elv som Pausanias (2.20.6) sa vart øydelagd av Poseidon, men som ein framleis kan høyre renne under jorda ved heilagdomen for Kifisos i Korinth.

Kifisos var óg ein mann som vart omvandla til eit sjømonster av Apollon. Han var far til Melaina, Kleodora og Korykia, Dei korykianske nymfene.


Fleirtyding Dette er ei fleirtydingsside. Ho listar sider om ulike emne som elles ville hatt same namnet. Dersom du følgde ei lenkje hit, kan du kanskje gå tilbake og rette henne slik at ho peikar direkte til den rette sida.