Kihnu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kihnu
Strand på Kihnu
Strand på Kihnu
Geografi
EE Kihnu.PNG
Stad Rigabukta
Koordinatar 58°07′N 23°58′E
Areal 16,4 km²
Administrasjon
Land Estland
Maakond Pärnu maakond
Demografi
Folketal 639 (2004)

Kihnu er ei øy i Austersjøen, og den sjuande største øya i Estland med eit areal på 16,4 km². Øya er òg den største øya i Rigabukta.

Øya er ein del av Pärnu fylke i Estland. I lag med naboøyane dannar ho Kihnu kommune, den minste kommunen i fylket. Kihnu er ei flat øy og berre 8,5 moh på det høgaste.

Kihnu har 639 innbyggjarar (2004), fordelt på fire landsbyar: Lemsi, Linaküla, Rootsiküla og Sääre. Ein kan nå Kihnu via ferje frå Pärnu eller med fly. Om vinteren er det til og med mogeleg og gå til øya på isen.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Vottane frå Kihnu og dei stripete skjørta er kjend i fleire land, hovudsakleg blant handverkarar og forskarar.

UNESCO utropte kulturområda og tradisjonane på Kihnu til eit Meisterverk av mennesket si muntlege og immaterielle arv den 7. november 2003.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kihnu

Kjelde[endre | endre wikiteksten]