Kili Holm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kili Holm er ei tidvassøy i Orknøyane i Skottland som er landfast med Egilsay ved lågvatn. Som for naboøya Egilsay kan namnet ha delvis gælisk opphav, noko som er uvanleg for Orknøyane.[1]. Kili kan kome av cille som tyder munkecelle.[2].

Det ligg ei gravrøys på øya og ho vert i dag nytta som utmark for sauer.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kili Holm består av raud sandstein.[2]

Mellom øya og Egilsay ligg Smithy Sound, som vert tørrlagt ved lågvatn. I nordaust ligg Point of Ridden og i nordvest Point of Pitten. Vestsida vert kalla Marlow.

I aust ligg Rousay og enno lenger mot nord ligg Westray.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Anderson, Joseph (Ed.) (1893) Orknøyaneinga Saga. Omsett av Jón A. Hjaltalin & Gilbert Goudie. Edinburgh. James Thin og Mercat Press (1990). ISBN 0-901824-25-9
  2. 2,0 2,1 Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.

Koordinatar: 59°11′N 2°55′W