Kilia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kilia i Ukraina)
Kilia
Кілія
by
Kilia på 1400-talet
våpen
Land  Ukraina
Oblast Odessa oblast
Rajon Kilia
Koordinatar 45°27′N 29°14′E / 45.450°N 29.233°E / 45.450; 29.233
Areal 195 km²
Folketal 22 884  (2004)
Folketettleik 117 / km²
Grunnlagd 862
Borgarmeister Valentin Ivanovitsj Bobrovskyj
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 68300 - 68303
Retningsnummer +380 4843
Kart
Kilia
45°27′01″N 29°16′00″E / 45.45028°N 29.2667°E / 45.45028; 29.2667
Wikimedia Commons: Kiliia

Kilia (ukrainsk Кілія, russisk Килия, rumensk Chilia (-Nouă), polsk Kilia; gresk Kellia, tyrkisk Kilya) er ein liten by i Odessa oblast (provins) sør i det vestlege Ukraina. Han er det administrative senteret i Kilia rajon (distrikt) og ligg i Donaudeltaet.

Ein by på den rumenske sida av grensa, kalla Chilia Veche (ukrainsk Cтapa Кілія, Stara Kilia) eller Gamle Kilia, vart grunnlagd av Austromarriket og namnet vart først nemnt i 1241.

Kilia vart derfor stundom omtalt som Nova Kilia eller Nye Kilia. Han vart grunnlagd av Stefan den store av Moldavia for å stå imot Det osmanske riket som hadde fått kontroll over Chilia Veche på 1400-talet. Byen var ein viktig hamneby i Moldavia, men òg denne byen vart etter kvart erobra av osmanarane i 1484, som heldt han fram til 1790, då han vart erobra av Det russiske imperiet under general Ivan Gudovitsj i løpet av den russisk-tyrkiske krigen (1787–1792). Byen vart gjeven attende til osmanarane i 1792, men teken nok ein gong av russarane i 1806, som fekk stadfesta eigarskapen over byen i 1812.

Byen vart bombardert av den engelsk-franske flåten i juli 1854 under Krimkrigen og gjeven til Romania med freden i Paris i 1856. I 1878 vart Kilia overført til Russland i lag med Budjak. Mellom 1918 og 1940 var han igjen ein del av Romania. Etter andre verdskrigen høyrde han til Ukraina.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]