Kilian Stobæus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Walter Runeberg sin byste av Kilian Stobæus på Universitetsplassen i Lund

Kilian Stobæus (den eldre), (6. februar 169017. februar 1742) frå Vinslöv i Sverige var ein svensk naturforskar, lækjar og historikar. Han var son til akademiräntmästaren Nils Stobæus.

Sjølv om han var fødd i Skåne, voks Stobæus opp hos ein morbror i Göteborg. År 1709 vart han student i Lund, i 1721 doktor i medisin. År 1724 vart han stadslækjar i Göteborg, men kom allereie året etter til Lund att. År 1728 vart Stobæus professor i Philosophia naturalis et physica experimentalis (naturalhistoria og fysikk), frå 1732 professor i historie.

Stobæus var framståande både som lærar, forfattar og samlar og oppnådde ved universitet stor allmenn vyrdnad. Han let mange lovande studentar, deriblant den unge Carl von Linné, få bu kostnadsfritt i privatbustaden hans i Lund.

Innan naturvitskapen arbeidde Stobæus særleg med studiet av fossil. På det historiske feltet innførte han nye retningar som studie av forminne og numismatikk. Han opparbeidde store samlingar som sidan vart overtatt av universitetet i Lund.

I 1906 vart det sett opp ein byste av Stobæus (laga av Walter Runeberg) på universitetsplassen i Lund.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Artikkelen byggjer på ei omsetjing frå svensk wikipedia