Kilkís
| Kilkís Lokalt namn: Κιλκίς |
|
|---|---|
| Geografi | |
| Stad | Makedonía |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Areal | 1 581,2 km² |
| Administrasjon | |
| Land | Hellas |
| Periferi Periferieining |
Sentral-Makedonía Kilkís |
| Hovudsete | Kilkís (22 914 innb.) |
| Demografi | |
| Folketal | 51 926 (2011) |
| Folketettleik | 32,4 /km² |
Kilkís (gresk Κιλκίς, slavisk Кукуш, Kukuš, tyrkisk Kılkış) er ein kommune og ein industriby i periferieininga med same namn i Sentral-Makedonía i Hellas, der han er hovudstad.
Innhaldsliste |
Historie [endre]
Byen vart styrt av Det osmanske riket før han vart teke av Bulgaria under den første balkankrigen i 1912. I den andre balkankrigen i 1913 erobra den greske hæren byen etter eit tre dagar langt slag 19. til 21. juni. Den greske sida mista over 5 000 soldatar, medan Bulgaria mista 7 000 og den greske sigeren var eit stort steg mot siger i krigen. Kilkís vart nesten lagd i grus under krigen og dei bulgarske innbyggjarane vart flytta til Bulgaria etter Neuillytraktaten. Den nye byen vart bygd opp att nærare jernbanen til Thessaloníki og vart busett av grekarar frå Bulgaria og Vesleasia.
Bulgaria okkuperte byen igjen under den andre verdskrigen, men han vart frigjeve i 1944.
Administrativ inndeling [endre]
Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane
Dei sju tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Offisiell nettstad (gresk)
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Kilkis frå Engelsk Wikipedia .