Kimstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 58°32′41.892″N 15°57′57.172″E Kimstad er ein svensk tettstad i Norrköpings kommun i Östergötlands län i Östergötland. I 2005 hadde tettstaden 1 492 innbyggjarar. Kimstad ligg cirka 20 kilometer sørvest for Norrköping, ved Motala ström mellom Norsholm ved Roxen i sør og Skärblacka ved Glan i nord. I aust, nær E4, ligg Löfstad slott.

Den største lokale bedrifta er Lantmännen, som produserer dyrefôr. Arla Foodss tørrmjølkproduksjon blei nedlagt i 2003, då verksemda blei sentralisert til Norrköping, Skärblacka, Linköping og Finspång.

I første halvdel av 1900-talet var Kimstad eit jernbaneknutepunkt. Persontrafikken blei lagt ned på byrjinga av 1970-åra.

Trafikkselskapet Östgötatrafiken og Norrköpings kommun har i fleire år ønsket at pendlartoga mellom Norrköping og Tranås skal stoppe i Kimstad, og i løpet av 2009 skal etter planen ein togstasjon vere ferdigstilt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]