Kind of Blue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kind of Blue
LP/CD av Miles Davis
Utgjeve 17. august 1959
Innspelt 2. mars og 22. april 1959
Sjanger cool jazz
Lengd 45:44 (Collector’s ed. CD: 55:16)
Selskap Columbia Records
Produsent Irving Townsend
Kritikk
Miles Davis-kronologi
1958 Miles
(1958)
Kind of Blue Sketches of Spain
(1960)

Kind of Blue er det åttande studioalbumet til Miles Davis. Musikken blei spelt inn 2. mars og 22. april 1959 i New York City, og kom ut 17. august 1959 på Columbia Records. Albumet blir rekna som ein av dei store milepålane i jazzen si historie.

Opptak[endre | endre wikiteksten]

Opptaket fann stad over to dagar i eit studio i 30. Street, New York der det tidlegare låg ei kyrkje. Musikarane til Davis fekk tariffløn som studiomusikarar, den gong 48,50 US-dollar for ei økt på tre timar. Chambers, Adderley og Coltrane kravde 100 dollar i tillegg, noko dei òg fekk.

Ei hardnakka legende[1] skal ha det til at spora på albumet er spelt inn ein einaste gong og heile opptaket brukt uendra på albumet. Dette er ikkje heilt korrekt, berre bonussporet med «Flamenco Sketches» er eit slikt «first take». Rett nok er ingen av spora spelt gjennom i sin heilskap meir enn éin gong (igjen unnateke «Flamenco Sketches» som blei spelt inn to gonger), men av ulike grunnar (lydproblem, dårleg spelt) blei opptaka avbrotne fleire gonger før det lukkast å fullføre som planlagt. Grunnprinnsipp for opptaka var at alle stykka skulle spelast i eit moderat tempo, og at musikarane ikkje skulle sjå komposisjonane før dei var komne i studio for ikkje å falle tilbake til rutinane sine.[1]

Betydning[endre | endre wikiteksten]

Samanlikna med i bebopen, der harmoni og dermed skala endrar seg for nesten kvar einaste takt, er soloane på Kind of Blue langsame med langt utheldne tonar, eit kjenneteikn på den modale jazzen som var ganske ny på den tid albumet kom ut. I modal jazz kan den same harmonien haldast uendra over 16 eller fleire takter, noko som opnar heilt nye moglegheiter for musikarane.

Kind of Blue blir rekna som paradedømet på modal jazz og skal ifølge RIAA til nå ha vorte seld i 4 millionar eksemplar i USA og 6 millionar på verdsbasis, noko som gjer det til det mest selde jazzalbumet i historia.[2] Eineståande for dette albumet er at den kommersielle suksessen er «i tråd med den kunstnarlege betydninga».[3]

Musikkmagasinet Rolling Stone, The Penguin Guide to Jazz og Allmusic gir alle albumet beste karakter (fem stjerner).

Sporliste[endre | endre wikiteksten]

På platecoveret blir Miles Davis kreditert for alle komposisjonane, men det er nå ei vanleg oppfatning at Bill Evans heilt eller dels skreiv «Blue in Green» og «Flamenco Sketches»,[4] den sistnemnde er ei omarbeiding av Bill Evans-låta «Peace Piece». Bill Evans førde opp både seg sjølv og Miles Davis som opphavsmenn for «Blue in Green» da han brukte den på albumet Portrait in Jazz og bustyret for Miles Davis krediterte i 2002 Evans sitt forfattarskap.[5] Gil Evans skreiv introen til «So What», og den er i sin tur basert på opningstaktene i Claude Debussy sin Voiles (1910), det andre preludiet i den første preludiesamlinga hans.[6]

  1. «So What» (Davis) - 9:25
  2. «Freddie Freeloader» (Davis) - 9:49
  3. «Blue in Green» (Davis) - 5:37
  4. «All Blues» (Davis) - 11:35
  5. «Flamenco Sketches» (Davis) - 9:25
  6. «Flamenco Sketches», alternativ versjon (Davis) - 9:32 - ikkje med på originalalbumet)

Musikarar[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]