Kinematikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kinematikk er ein delen av klassisk mekanikk som omhandlar rørsle utan å ta omsyn til årsaka eller verknaden til rørsla.[1][2][3]

Sentralt i kinematikken står omgrep som akselerasjon og fart. Ein kan ved hjelp av kinematikk skildre særs mange rørsler, særleg på jordoverflata der akselerasjonen er konstant ved fritt fall. Ved konstant akselerasjon kan dei relativt enkle rørslelikningane for konstant akselerasjon nyttast. Namnet kjem frå det A.M. Ampère kalla cinématique,[4] som han konstruerte frå det greske kinema (rørsle), som igjen kjem frå kinein (å røre eller bevege).[5] [6]

Studiet av kinematikk vert ofte kalla geometrien til rørsla.[7]

For å skildre rørsle studerer ein i kinematikk banane til punkt, linjer og andre geometriske lekamar og dei forskjellige eigenskapane deira som snøggleik og akselerasjon. Kinematikk vert nytta i astrofysikk for å skildre rørsla til himmellekamar og system, og i maskinteknikk, robotikk og biomekanikk[8] for å skildre rørsla til maskindelar som heng saman, som i ein motor.

Studiet av kinematikk kan skildrast reint matematisk. Til dømes kan rotasjon skildrast som element av einingssirkelen i det komplekse planet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Edmund Taylor Whittaker (1904). A Treatise on the Analytical Dynamics of Particles and Rigid Bodies. Cambridge University Press. Chapter 1. ISBN 0-521-35883-3. 
  2. Joseph Stiles Beggs (1983). Kinematics. Taylor & Francis. s. 1. ISBN 0-89116-355-7. 
  3. Thomas Wallace Wright (1896). Elements of Mechanics Including Kinematics, Kinetics and Statics. E and FN Spon. Chapter 1. 
  4. Ampère, André-Marie. Essai sur la Pilosophie des Sciences. Chez Bachelier. 
  5. Merz, John (1903). A History of European Thought in the Nineteenth Century. Blackwood, London. ss. 5. 
  6. O. Bottema & B. Roth (1990). Theoretical Kinematics. Dover Publications. preface, p. 5. ISBN 0-486-66346-9. 
  7. See, for example: Russell C. Hibbeler (2009). «Kinematics and kinetics of a particle». Engineering Mechanics: Dynamics (12th ed.). Prentice Hall. s. 298. ISBN 0-13-607791-9. , Ahmed A. Shabana (2003). «Reference kinematics». Dynamics of Multibody Systems (2nd ed.). Cambridge University Press. ISBN 978-0-521-54411-5. , P. P. Teodorescu (2007). «Kinematics». Mechanical Systems, Classical Models: Particle Mechanics. Springer. s. 287. ISBN 1-4020-5441-6. 
  8. A. Biewener (2003). Animal Locomotion. Oxford University Press. ISBN 19850022X. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]